Folkemusikk: Framom stabburet frå 1700-talet fekk dei frammøtte høyre Silje Hegg (t.v.) spela på fløyte og Torhild Ostad synge.

Streif og seljesong langs Sogevegen

Som ein del av Sogeveg-prosjektet var det vandring, konsert, opning av kunstutstilling og boklansering laurdag.

Dagen starta med tur frå Thogrenda i Hjartdal, via Ambjørnsdalen og til Blika i Svartdal. Ingvill Buen Garnås viste veg, og fortalde om det særeigne kulturlandskapet i området.

– Om lag 70 personar deltok på vandringa, fortel Torunn Raftevold Rue.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er med i Seljord folkemusikklag og tok imot vandrande gjester på det gamle gardstunet på Blika i Svartdal.

Søstermarihand på Blika: Søstermarihand er ein staude i Orkidéfamilien, som trivst godt på gamle slåtteenger. Søstermarihand er Telemarks fylkesblom. Den står på raudlista og er totalfreda.

I godt samarbeid med Hjartdal- og Svartdal utvalde kulturlandskap og Telemarkfestivalen arrangerte folkemusikklaget konsert. Torhild Ostad song og Silje Hegg spela på fløyter, av ulike slag. Blant anna på ei ho hadde laga av ei brøytestikke.

Sjå video under

Konsertlokale: Dette er det største konsertlokalet me har hatt, sa Silje Hegg og Torhild Ostad.

Det er ikkje fyrste gong folkemusikklaget arrangerer utekonsert. Tidlegare har dei arrangert konsert på Bindingsnuten i Flatdal og på Bægjuv.

– Utekonsertar er tydelegvis veldig populært. Det må me nok prøve å få til fleire av, sa Raftevold Rue.

Konsert: Fleire firbeinte var også med på både vandring og konsert.

Ho var takksam for at dei fekk låne det gamle gardstunet og godt fornøgd med at om lag hundre personar møtte opp på Blika

På stabburstrappa: Silje Hegg (t.v.) og Torhild Ostad fekk takk av Torunn Raftevold Rue.

Etter konserten gjekk mange vidare til Nutheim der det var opning av kunstutstilling og lansering av boka «Streif Langs Sogevegn», som Ånond Versto og Hans Kristian Borchegrevink Hansen har skrive. Og dei som tok seg tid langs vegen ned til Flatdal kunne sjå både kunst og nyte utsikt.

På konsert: Jan Feste og Tone Telnes.
Vandring: Etter konserten gjekk turen vidare til Flatdal og Nutheim.
Kunst: Ved den gamle skulestova i Svartdal, er det skulpturar av Barbro Raen Thomassen.
Tok lunsjen ute: Desse damene tok lunsjen her, med god utsikt over Flatdal.
Nutheim: Det var mange som tok turen til Nutheim på kvelden.
Kunstnarhotellet: På kvelden var det opning av kunstutstilling og boklansering.
Boklansering: Hans Kristian Borchegrevink Hansen (f.v.) og Ånond Versto har gitt ut boka «Streif langs Sogevegen», ein turguide for Flatdal, Svartdal, Ambjørndalen og Hjartdal. Her saman med Ellen Grøstad Barstad, som driv Nutheim gjestgiveri.
Hjartdal- og Svartdal utvalde kulturlandskap

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Satsinga skal sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.

Landskapa er valt ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar.

Det er i dag 51 område i landet som er valt ut som utvalde kulturlandskap. Hjartdal- og Svartdal utvalde kulturlandskap er eitt av dei.

Landskapet i Hjartdal og Svartdal er kjenneteikna av blomsterrike slåttenger, store areal med haustingsskog og naturbeitemark, blant anna med søstermarihand. Her finn me og fleire gravfelt ifrå jernalderen, gamle steingardar og driftevegar, og ei stor mengd freda og verneverdige bygg.

Kjelde: Landbruksdirektoratet/Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Artikkelen held fram under annonsen.