Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum (t.v.) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre møttest til ein fotballspelkamp i ein pause under regjeringsforhandlingane på Hurdalsjøen Hotell tysdag. Dei to er einige om å gje full momskompensasjon til det frivillige. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Støre og Vedum med momsgåve til over 20.000 organisasjonar

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om å gi full momskompensasjon til det frivillige. Dermed blir det meir pengar i kassen til over 20.000 organisasjonar.

– Dette vil vi prioritere og komme raskt i gang med, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

Tysdag tok han og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seg ein liten pause frå regjeringsforhandlingane for å spele litt fotballspel – og røpe ei positiv nyheit for frivillig sektor:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når frivillige organisasjonar kjøper inn ting, så betaler dei moms for det. Vi ser det ikkje som noko mål at staten skal tene pengar på dei innkjøpa, seier Vedum.

Støre: – Veldig viktig

Frivillige lag og organisasjonar får allereie i dag kompensasjon for momsen dei betaler, men ikkje fullt ut. I fjor fekk dei 22.397 organisasjonane som søkte, dekt nær 81 prosent av summane dei søkte om. Året før var delen på 81,9 prosent, ifølgje

Ei ny Ap-Sp-regjering vil altså auke dette til 100 prosent.

– Vi trur dette er veldig viktig. Det er noko idretten og det frivillige har vore veldig opptekne av i lang tid. Folk snakkar om det når du møter dei på idrettsstemne, seier Støre.

Meirverdi

I fjor vart det betalt ut totalt 1,684 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. Det betyr at prislappen på full kompensasjon ville ha vorte nærare 400 millionar kroner.

– Prisen vil variere frå kor mykje aktivitet det er. Dess meir frivillig arbeid og aktivitet det er, dess meir kostar det. Men så gir jo den frivillige innsatsen så mykje meirverdi, både for eldre og unge, seier Vedum.

Sjølv såg dei to partileiarane ut til å kose seg stort då dei barka saman i fotballspel. På eitt tidspunkt foreslo Vedum at dei skulle gi seg, men ein ivrig Støre insisterte på å fullføre kampen.

– Det er tre ballar igjen, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tillit

Ap-leiaren peikar på kor mykje frivillig arbeid, kultur og idrett betyr for folk, både gjennom opplevingane til den enkelte, men også for samfunnet samla sett.

– Forskarar seier at samfunn med høg frivillig innsats har høg tillit. Det meiner eg at ei regjering skal tenkje veldig grundig over. Vi er så gode til å rekne på alle typar kapital, anten det er pengar eller bygningar eller finans eller kva det måtte vere. Men den sosiale kapitalen, eller forholdet mellom folk, det er kjernen til tillit, seier Støre.

Sjølv viste han tillit til Vedum då det blir litt uklart rundt eitt av måla i kampen i fotballspelet. Og til slutt vart dei samde om at oppgjeret enda uavgjort. Dermed var stemninga framleis på topp då dei to partileiarane stakk for å forhandle vidare.

– Ja, det kan komme meir, sa Støre på veg ut av rommet.

– Takk

Frivillighet Norge, som representerer langt dei fleste av dei frivillige organisasjonane i landet, har lenge kjempa for full momskompensasjon.

Dei beskriv nyheita som ein stor siger for frivillig sektor og rettar ein takk til Ap og Sp.

– Eg er veldig glad for at den påtroppande regjeringa vil prioritere full momskompensasjon for det frivillige. Dette betyr at frivillige organisasjonar får bruke midlane frå medlemskontingentar, dugnader, innsamlingar, gåver og tilskot på aktivitet i staden for avgift, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen.

Røde Kors seier at dei kan styrkje beredskapen sin landet rundt som følgje av momskuttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nyheita Støre og Vedum kom med i dag, vart motteke med jubel i Røde Kors. Til no har frivillige måtta leggje ned tallause dugnadstimar for å finansiere momsen på køyretøy, hjartestartarar og anna nødvendig utstyr som blir brukt til å redde liv, seier president Thor Inge Sveinsvoll i Røde Kors.

(©NPK)

– Når frivillige organisasjonar kjøper inn ting, så betalar dei moms for det. Vi ser det ikkje som noko mål at staten skal tene pengar på dei innkjøpa, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Ifølgje Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil den nye regjeringa prioritere arbeidet med å gje full momskompensasjon til det frivillige, noko som vil føre til meir pengar i kassen til over 20.000 organisasjonar. Foto: Terje Pedersen / NTB