Ny plate: Ingebjørg Lognvik Reinholt og bandet Reitier vil gje ut eit album med dikt av skotten Robert Burns. (Arkivfoto) Foto: Kari Smeland

Stør Ingebjørg og Aasmunds «Burns på dialekt»

Seljord kommune løyver 10 000 kroner til Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Aasmund Nordstogas innspeling av «Burns på dialekt.»

Bandet Reitier er sett saman av Aasmund Nordstoga (vokal), Ingebjørg Lognvik Reinholdt (vokal), Sarah-Jane Summers (fele), Juhani Silvola (akustisk gitar) og Morten Kvam (kontrabass). Gruppa jobbar nå med ei ny albuminnspeling, og søkte Seljord kommune om støtte til innspelinga av «Burns på dialekt»

– Tekstane er skrive på vesttele, og blir sunge på seljordsdialekt når eg syng, og Aasmund dreg det mot Vinje. Tekstane er dikt av skotten Robert Burns, omsett av seljording, kulturperson og professor Peter Fjågesund. Planen er å spele inn albumet «Burns på dialekt - Alt som eingong va’» i oktober 2022 på Newtone Studio, Oslo, med Aksel Jensen som teknikar. Juhani Silvola, Sarah-Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt skal vere produsentar, skriv Reinholdt i søknaden til kommunen.

Ho skriv vidare at promomateriale til turné i 2023 er alt i produksjon, med nettside, live videoar og nye bandbilete.

– Me skal ha platesleppturné i Noreg våren 2023. Me ynskjer også å legge ein utanlandsturne i 2024. Plata blir den perfekte følgesven til Peter Fjågesund si bok med gjendiktingar av Burns songar frå skotsk til vesttelemål: «Songar og dikt på telemål: ei parallellutgåve» (Fingal forlag, 2020), skriv Reinholdt og legg til at prosjektet har budsjetterte utgifter på 176 000 kroner.

– Bandet ynskjer å vidareføre visjonen Peter Fjågesund hadde då han gjorde attdiktingane, ved å overføre dei til eit friskt moderne uttrykk rotfesta i norsk og skotsk tradisjon. Slik vil dei presentere tradisjonsmusikk til nye publikum og vise linjene frå då til no, og frå folkemusikk til dagens norske visetradisjon. Eit stort mål er også å fremje bruk av det frodige språket som fins i dialektene våre, skriv Reinholdt.

– Seljord kommune er glad for at seljordsdialekta blir tatt vare på, dokumentert og bruka. Løyvinga på 10 000 kroner blir trekt av budsjett for kultur, skriv kultur og næringssjef Asbjørn Storrusten i det delegerte vedtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.