No kan du søkje om stønad til ditt friluftsprosjekt. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Statskog gir tilskot til friluftsliv

No har du moglegheit til å søkje på Statskog si støtteordning om tilskot til aktivitetar som skapar friluftsliv og berekraftig bruk av norsk natur.

Støtteordninga «Statskogmillionen» er spesielt retta mot bidrag til frivillige lag og foreiningar, skriv Statskog i ei pressemelding.

– Det er enkelt å søkje, seier kommunikasjonssjef i Statskog, Trond Gunnar Skillingstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at ein berre fyller ut eit enkelt søknadsskjema på nettsidene deira i løpet av august.

Statskogmillionen går til tiltak og aktivitetar som fremmar folkehelse, friluftsliv og bruk av norsk natur. Mange av søknadane handlar om pengar til turutstyr, tilrettelegging eller stønad til ein aktivitet.

Ein kan søkje om to ulike støttebeløp: 5000 eller 10.000 kroner.

(©NPK)