Stamgjester: Arnfinn (f.v.) og Gudrun Friestad frå Bryne, Kjell Oddvar Straand og Laila Vad Straand frå Fitjar møtest kvart år på Dyrsku'n, og det har dei gjort i nærare tretti år.

Stamgjestene frå Vestlandet har besøkt Dyrsku'n i nærare tretti år

Dyrsku'n lokkar til seg folk frå store delar av Sør-Noreg. Kvart år møtest to ektepar frå Vestlandet kvarandre for å vere saman på Dyrsku'n, og dei kjem i god tid.

– Me var her på fredag, fortel Laila Vad Straand og Kjell Oddvar Straand.

Og då meiner dei ikkje Dyrsku-fredagen, men fredagen før. Då var paret frå Fitjar på plass på Grave-jordet i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då var me aleine her, ler dei.

Men sidan har Grave-jordet og resten av bygda fylt seg opp med bubilar, campingvogner og Dyrsku-gjester. Det blir god stemning, og det likar dei.

Litt etter, på onsdag, kom Arnfinn og Gudrun Friestad også. Arnfinn og Kjell Oddvar er søskenbarn, og dei to para er mykje saman. På besøk til kvarandre eller på tur, og kvar september går turen til Seljord og Dyrsku'n.

Akkurat når Dyrsku-tradisjonen byrja er dei litt usikre på. Men det var nok etter at ungane vart større.

– Det blir nok over 25, nærare 30 år, kjem dei fram til.

Landbruksmaskiner og husflid

Begge para har bakgrunn frå landbruket, og har drive med mjølkeproduksjon. Medan sonen til Arnfinn og Gudrun har tatt over, driv Kjell Oddvar framleis med grasproduksjon sjølv om ordinær pensjonistalder er fleire år bak han.

– Eg skal heim å ha tredjeslåtten nå. Ein kan ikkje legge det brakk heller. Det gror jo igjen overalt, seier Kjell Oddvar.

Gardsbruket i Fitjar er ikkje så stort, og Kjell Oddvar har hatt anna arbeid utanom i alle år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt bli berre større og større, og dei minste bukkar under, seier Arnfinn.

Å drive gard vart ein livsstil, og interessa er der framleis.

– Me må sjå på landbruksmaskinene, og få litt nye tips, fortel karane.

– Ja, og så heime og tenke litt på det, smiler Kjell Oddvar.

Og det har blitt ein god del handel opp gjennom åra. Vedmaskin, hengar, omn, separator.

Går og går: Gudrun, Laila, Arnfinn og Kjell Oddvar likar seg på Grave-jordet i Seljord. Ein av fordelane med å bu på så nære Dyrskuplassen er at dei kan ta ei pause midt på dagen, bytte sko og kanskje ta ein kaffikopp på campinga.

Stamgjestene legg ikkje opp nokon plan for kva dei skal gjere på Dyrsku'n.

– Me berre går og går, smiler Laila.

– Me deler oss opp. Mannfolka ser på maskinene og me ser på husflid, og så møtast me etterpå, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg mykje fint, seier Gudrun.

– Ja, det blir alltid litt med i ryggsekken, nikkar Laila.

Sjølv om dei kjem langvegsfrå møter dei alltid kjentfolk. Dyrsku'n er godt kjent både på Fitjar og i Bryne fortel dei.

– Det er veldig mykje bra program for ungane her. Det er veldig flott, eg er heilt imponert, seier Gudrun.

– Også alle som er involvert i dugnad her. Det er imponerande!

Klokka har bikka ni og portane er opne. Vennegjengen frå vestlandet er klare for ei ny helg på Dyrsku'n.

– Det er så kjekt med å bu her. Då kan me gå tilbake hit og bytte sko, prate og ta ein kaffi og så gå tilbake, fortel damene.