For alle: Laurdag arrangerte LHL Vest-Telemark Short mat Bowls i Kviteseidhallen. Ein sport som kom til Noreg i 2012, og som passar for alle.

Sporten kom til Noreg i 2012. Nå er målet å møtast for å spele kvar månad

Laurdag inviterte LHL Vest-Telemark til Short mat Bowls i Kviteseidhallen. Arrangementet var gratis og målgruppa er faktisk alle.

– Nå er det meir opplæring, men planen er å starte opp med ein fast dag i månaden, fortel Marit Høgstli.

Ho er leiar i LHL Vest-Telemark, som arrangerer Short mat Bowls i Kviteseidhallen denne laurdagen. For andre gong har dei fått besøk av Bamble Bowlsklubb, og inviterer til at folk kan prøve sporten som førebels truleg er noko ukjent for dei fleste i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har prøvd, men har ikkje talent i det heile tatt. Eg trefte matta til naboen, ler Marit Høgstli. – Men eg kosar meg med at andre har det moro, legg ho til.

Short mat Bowls er ein presisjonsidrett som kan minne om både curling og boccia. Sporten deler ikkje etter verken kjønn, alder eller funksjonsnivå og er derfor svært inkluderande.

– Det er litt mannsdominert her i dag. Og det er bra! Me vil gjerne treffe også dei som ikkje spelar fotball eller går på ski. Men målgruppa er alle, seier Høgstli.

Dette er Short mat Bowls:

Short mat Bowls er ein presisjonsidrett som kan samanliknast med curling og boccia. Ein spelar innandørs på banar/matter som er 13,75 meter lange og 1,86 meter breie.

Kulene ein brukar er laga litt ovale slik at dei «curlar» og fell mot den eine sida når farten minskar.

Short mat Bowls er ein «ikkje-kontakt»-idrett med låg intensitet, og er ikkje fysisk krevjande.

Å berekne og bruke kurva på kula kombinert med taktikk og strategi er essensen av spelet. Prinsippet i spelet er at ein legg ut ein «jack» (ei lita målkule), og målet er ligge nærast «jacken» med flest mogleg av spelekulene når omgangen. Og slik få poeng.

Kjelde: bowlsnorway.com

«Gentleman's sport» frå England

David Ryste frå Bamble Bowls-klubb er ein av dei som har tatt turen til Kviteseid for å lære bort til dei som har lyst. Han fortel at Bowls har sitt opphav i England, og er kjent som ein «gentleman's sport» der.

– Ein periode måtte kongen forby spelet fordi folk brukte så mykje tid på å spele Bowls, ler han.

I Noreg er Bowls ein ny sport som kom i 2012. I 2013 vart Bowls-klubb etablert i Skien.

– Så har det spreidd seg litt, og Grenland er hovudsete for Bowls i Noreg, fortel Ryste.

I dag er det fem aktive Bowls-klubbar i Noreg, og i 2026 skal VM i Bowls arrangerast i Skien. Bowls kan krevje eigne hallar, men Short mat Bowls som blir spela i Kviteseid kan ein fint rigge til i vanlege idrettshallar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heiar på ny klubb: David Ryste frå Bamble Bowls-klubb håpar dei etablerer ein Bowls-klubb i Kviteseid også, og har trua på at dei kan få det til.

– Eg synest det er veldig moro. Det som trigga meg er at eg, som sit i stol, stiller i same klasse som alle andre, og kan bli like god som ein funksjonsfrisk. Her skil me ikkje mellom kjønn, alder eller funksjonsfriske, fortel Ryste.

God progresjon: David Ryste (f.v.) er imponert over progresjonen til Vidar Stykke og Rune Andersen. På andre runde har dei fått alle dei svarte kulene svært nære den vesle gule (jack), som er målet.

Vil ha aktivitet i heile Vest-Telemark

Både Høgstli og Ryste er godt fornøgde med oppmøte. Det krev litt utstyr for å spele, og Bamble Bowls-klubb har nå lånt alt utstyret. Men skal dei starte opp med faste arrangement kvar månad, må dei ha eiget utstyr i Kviteseid.

Prøvar for fyrste gong: Jorunn Simonsen (t.v.) ser på medan det er Monica Halvorsen sin tur.

– Me må ha eige utstyr, men det er litt dyrt. Me har god økonomi i laget, men må kanskje også søke om litt tilskot, fortel Høgstli.

LHL Vest-Telemark er eit aktivt lag med stadig fleire medlemmer. I sommar var 130 medlemmer, men nå er talet 155.

– Treningane våre er opne for alle, også ikkje-medlemmer, så byrjar folk å trene og etter eit par gonger vil dei gjerne vere medlem, seier ho.

Likevel ønsker ho seg fleire medlem, og særleg yngre.

– Mange trur du må vere sjuk for å vere med, men det treng du ikkje. Me treng nokon nye og unge som kan overta, seier ho.

Sjølv om laget har medlemmer over heile Vest-Telemark, er hovudvekta av frivillige og aktivitetar i Kviteseid. Høgstli håpar laget kan få fleire frivillige i Vinje og Tokke mellom anna, slik at aktiviteten til laget kan auke også der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitet er viktig, men sjølvsagt også det sosiale. Høgstli har sjølvsagt også testa ut Bowls.

– Eg har prøvd, men har ikkje talent i det heile tatt. Eg trefte matta til naboen, ler ho.

– Men eg kosar meg med at andre har det moro, legg ho til.

God teknikk: Vidar Stykke har prøvd litt Bowls før, og byrjar å få dreis på teknikken.