Sommerglede: Kaja Olsnes, Liv Ljostad og Sunniva Omdal Tveito.

Sommarglede då Juniorklubben møttest att

Torsdag 18. juni arrangerte Juniorklubben, for andre året på rad, Farmen Junior for 4. - 7. klasse ved Åmot skule.

– Me var veldig i tvil om me kunne få ha ein ordentleg sommarfest i år, men heldigvis let det seg gjere, seier Iselin Øyre i Juniorklubben.

Siste Juniorklubben-kveld var i mars, og sidan då har Juniorklubben, som alt anna, halde stengt. Det blei derfor ein stort etterlengta kveld der ungane fekk vera saman. Pølser, brus og kaker stod på menyen, og ungane fekk prøve seg på pil og bue, tautrekking, melkespannholding, saging og kunnskap. Alle greinene inspirert frå TV-serien Farmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det må seiast at det mest populære denne kvelden var bading. Med flott vêr var det mange som bada kvelden til ende, seier Øyre.

Dugnadsgjengen: Bak frå venstre: Per Helge Slåtta, Stian Aaland, Tor Einar Skarperud, Knut Dale Nevestveit, Stine Mondal Ljostad, Marianne Lid og Anne Kristin Seltveit. Framme frå venstre: Iselin Øyre, Åse Slåtta og Ingunn Kasland.
Kunnskap: Åse Slåtta, Ane Slåtta, Lotte Bratland Oldeide, Sofie Lundarvollen og Torjus Ljostad.
Farmen: Taugtrekking som i Farmen.