Godt oppmøte: Arbeidet går fortare unna når mange hender deltek. Taket på Sagbruket fekk seg eit etterlengta strøk måling før sommargjestene kjem til Lårdal.

Sommarbygda gjer seg klar

Lårdal er eit populært reisemål for mange på sommaren. Mange timar med dugnad ligg bak når bygda gjer seg klar for ein ny sesong.

– Det er sosialt, da. Og så er det ikkje så mykje å finne på her i bygdan heller, seier Arvid Rinden.

– Kor ofte har de dugnad?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I eitt sett. Nokon er meir her enn heime. Ja, eg er ikkje ein av dei, altså, seier Tore Aamot med ein latter.

Sosialt: Arvid Rinden (t.v.) og Tore Aamot stiller opp på dugnad for å gjere Lårdal klar for sommarturistane. Aamot går mot sin andre sesong som drivar av Sagbruket.

Populær badstove

I starten av november stod badstova i Lårdal klar. Rinden og Alfred Selstø sette den opp. På dugnad sjølvsagt.

Magnus Prøven har overtatt som leiar i Lårdal Vel, og fortel at badstova har vore mykje brukt sidan opninga 7. november.

– Bade- og badstovelaget brukar den to gonger i veka, året rundt. Me er rundt 7–8 faste, og totalt 16–17 som kjem innimellom.

Badstova er drifta på dugnad, Lårdal Vel har hovudansvaret, i tillegg er det nokre ungdom som har litt ansvar og får litt betalt for det.

Når Lårdal Vel kalla inn til dugnad denne laurdagen, var det fyrst berre fem som meldte seg.

– Det synest eg var litt kjedeleg, smiler Sverre Bakke som er fast innslag når det er dugnad i bygda.

Dei fem vart til slutt til femten. Då går arbeidet fortare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagens store prosjekt er måling av taket på Sagbruket. Med mange kostar i sving går det raskt unna. Spanna kjem tomme ned frå taket, og målinga tørkar i sola.

Men det er ikkje berre taket som får ein puss før turistsesongen tek til. Båtlaget rustar opp brygga, medan Lårdal Vel har sådd ny plen framfor badstova då dei måtte grave i haust for å legge straum. I tillegg skal dei rydde litt meir stein på utsida av badstova.

– Det går fint å hoppe der nå også, men me vil vere heilt sikre, fortel Prøven.

Sommarbygda

Alfred Selstø fortel at båtlaget er i gang med å ruste opp brygga. Dei har fått tilskot av kommunen, og er godt i gang.

– Me skal legge nytt dekke. Ein ser på skiltet at det er i ferd med å skli ut, så nå blir det finare dekke og me risikerer ikkje at det sklir meir ut, seier han.

Lårdal er kanskje ei typisk sommarbygd som vaknar litt meir til liv når våren kjem. Og våren kjem tidleg.

– Det livnar litt til om våren. Om vinteren held folk seg meir for seg sjølv, men om våren og sommaren kjem me meir ut, seier han.

Meir liv vår og sommar: Alfred Selstø fortel at Lårdal vaknar litt meir til liv om våren, og det sosiale er også ein veldig viktig del av dugnaden.

Det er også ein del feriebustadar i Lårdal, men også hyttefolket bidrar på dugnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åsta Ramnefjell Bentzen bur i Oslo, men brukar mykje av tida si i Lårdal.

– Bestemora til mannen min vart enke då ungane var små, og då kjøpte ho seg ein liten husmannsplass her i Lårdal, fortel ho.

Nå er det Åsta og sonen som brukar plassen.

– Eg prøvar å vere med så mykje eg kan på dugnad. Då blir eg kjent med folka her også.

Nye, gamle og besøkande lårdølar: Ørlygur "Ølli" Eggertsson (f.v.) er opphavleg frå Island, men har budd mange år i Noreg, og halvtanna i Lårdal, Jens Jacob Bleikelia kjem frå Bamble, men har budd i Lårdal i over tretti år og Åsta Ramnefjell Bentzen som har bustadadresse i hovudstaden, men er mykje i Lårdal deltek alle saman på dugnad.