Som ung gymnasiast blei Tore Renberg så begeistra for bøkene til Tarjei Vesaas at han skreiv særemne om han. I helga kjem Renberg til Vinje for å snakke om forfattaren som betyr så mykje for han.

– Eg har ein sommar med Vesaas-lesnad bak meg. Eg har gjenlese verka eg var forgapt i som 18-åring og vil fortelje korleis eg opplever dei i dag, seier forfattaren Tore Renberg som skal halde Vesaas-foredraget på Litteraturdagane i Vinje i helga.

«Kan du finne meininga med livet ved å bygge din eigen utedo? Korleis inspirerte bøkene til Tarjei Vesaas ein av dei mest populære forfattarane i Noreg? Og har eigentleg Kommune-Noreg vondt av litt tvangssamanslåingar? I løpet av helga vil kjende forfattarar og journalistar utforske desse spørsmåla, og mange andre, i samtalar og foredrag under Litteraturdagane i Vinje. På toppen av dette får publikum magiske musikkopplevingar som avslutning kvar kveld.»

Slik reklamerer Litteraturdagane i Vinje for helgas arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi gler oss særskilt til premieren på festframsyninga «Canciones de Cobre» (på norsk «koparsongar») med nyskrivne tekstar av Kjartan Fløgstad og nyskriven musikk av den verdskjende bandoneonisten Per Arne Glorvigen. Saman med NyNorsk messingkvartett tek dei oss med på ei reise gjennom latinamerikansk samfunn, språk og kultur. Konserten med den folkekjære artisten Frida Ånnevik laurdag kveld blir også eit stort musikalsk høgdepunkt på festivalen, seier festivalsekretær Solveig Prestegard i ei pressemelding.

Til Litteraturdagane: Frida Ånnevik.

Tore Renberg om Tarjei Vesaas

Vesaas-foredraget er fast post på Litteraturdagane, og i år er det forfattar Tore Renberg som står for dette. Som ung gymnasiast blei han så begeistra for bøkene til Tarjei Vesaas at han skreiv særemne om forfattaren på Stavanger Katedralskule i 1990. 30 år seinare kjem Renberg til Litteraturdagane i Vinje for å snakke om Vinje-forfattaren som betyr så mykje for han.

– Eg har ein sommar med Vesaas-lesnad bak meg. Eg har gjenlese verka eg var forgapt i som 18-åring og vil fortelje korleis eg opplever dei i dag. Eg har også har lese nokre bøker av Vesaas eg ikkje kjende frå før, der ei av dei, ein gløymd Vesaas-roman, har begeistra meg særs sterkt, seier Renberg i pressemeldinga.

Vesaas-foredrag: Tore Renberg skal snakka om Tarjei Vesaas- ein forfattar han tidleg blei begeistra for.

Årets debutantprisvinnar

Hanna Stoltenberg vann Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2019 med boka «Nada». Stoltenberg kjem til Vinjehuset på laurdag, og i samtale med Tore Renberg som sjølv vann Tarjei Vesaas debutantpris for boka Sovende floke, får publikum eit nærare innblikk i kva som skal til for å bli ein prislønt debutant i dag, og for 25 år sidan.

Kommunal feelgood frå Jens Kihl

Kommunesamanslåingane vekte sterke kjensler over heile landet. Journalist og forfattar Jens Kihl tok sjølv turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak dette. Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møtte han menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Denne helga vitjar han Litteraturdagane og gjev oss eit innblikk i møta og opplevingane på reisa.

Jens Kihl kjem til Litteraturdagane i Vinje i helga.

Sundag 30. august blir det festivalgudsteneste i Vinje kyrkje. Fleire lokale utøvarar, deriblant Aasmund Nordstoga og Stein Versto, deltek. NRK radio er til stades for å gjera opptak.

Smitteverntiltak og tilpassingar

Festivalen blir i år arrangert med berre ein brøkdel av det normale gjestetalet frå tidlegare år på grunn av tilpassingar til nasjonale og lokale smitteverntiltak. Festivalen er utseld for alle fysiske billettar. Difor blir festivalen også direktesendt på nett. Det betyr at alle som ynskjer kan kjøp nettbillett og strøyme festivalen til mobil, nettbrett, datamaskin eller smart-TV, melder festivalen.

Litteraturdagane i Vinje

•Den eldste litteraturfestivalen i Telemark, arrangert årleg sidan 2001

•Eigd og driven av Vinje-senteret som ein del av Nynorsk kultursentrum

•2859 gjester på 40 arrangement i 4 kommunar i 2019

Artikkelen held fram under annonsen.