Søkjer kandidatar til handverksstipend

Kulturminnefondet søkjer kandidatar til eit handverksstipend. Fristen for nominasjonsprosessen er søndag 8. august.

Styret i Kulturminnefondet lyser ut eit handverksstipend, skriv dei på nettsidene sine. Det er også her ein kan nominere kandidatar ein meiner er eigna.

Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag. Stipendet er meint for ein ung, engasjert, lærevillig og fagleg solid handverkar som òg er interessert i å lære bort faget sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stipendet er på 50.000 kroner.

(©NPK)