Blei heidra: Prosjektleiar Monica Sølyst, Faun (t.v.), landskapsarkitekt Tone Telnes, Feste landskap og prosjektansvarleg Asbjørn Storrusten, Seljord kommune var til stades under prisutdelinga i Oslo fredag.

Sogevegen blei heidra i hovudstaden

Sogevegen om Nutheim fekk heiderleg omtale i samband med utdelinga av Landskapsarkitekturprisen 2022.

Feste Landskap – arkitektur, Faun Naturforvaltning, Seljord kommune og Hjartdal kommune heiderleg omtale for Sogevegen om Nutheim då Landskapsarkitekturprisen for 2022 blei delt ut i det gamle Munch-museet i Oslo fredag.

Landskapsarkitekturprisen blei delt ut for 8. gong i år, og 18 prosjekt frå heile landet var meld inn. Det var Podkasten Våre stader og Oksenøya bustadområde som var dei nominerte finalistane saman med sogevegprosjektet. Oksenøya på Snarøya i Bærum vann landskapsprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen melder at dei har latt seg imponere av nivået på prosjekta, og seier dette om Sogevegprosjektet.

– Utviklinga leier oss i ei retning der rurale Noreg står i fare for å miste kultur, tradisjonar og levemåtar me har behalde i århundrar. Ein skal derimot seie at når kloke hovud kjem saman, hender det at dei kan kjempe mot straumen. Då E134 mellom Hjartdal og Seljord blei lagt i tunnel stod gamlevegen om Nutheim igjen med svekka relevans og formål. Gjennom eit stort samarbeids- og medverknadsprosjekt har Feste Landskap, saman med ei rekke aktørar, lagt til rette for at det gløymte vegstykket har blitt ei opplevingsrute retta mot sykkelturisme og lokal verdiskaping. Prosjektet er planlagt med følsemd og omhug for både landskap og kultur, noko som resonnerer godt med samtidas behov for berekraftig stadutvikling, skriv juryen i grunngjevinga.

Landskapsarkitekturprisen

Landskapsarkitekturprisen blei stifta av NLA, Norske landskapsarkitekters foreining, og delt ut første gang i 2015. Prisen er ein heiderspris for landskapsarkitektur, som kan bidra til å heve, fornye og utvikle norsk landskapsarkitektur, både som plan og prosjekt. Prisen skal synleggjere og fremje faget og skal bli delt ut årleg.

Juryen kan også tildele ærespris og heiarleg omtale. Prisen består av ein plakett og blir gjeven til landskapsarkitekt og byggherre/oppdragsgivar.

Kjelde: landskapsarkitektur.no