Administrerande direktør i Dyrsku’n: Geir Helge Espedalen

Snart kan endeleg Geir Helge ønske folk velkomen til Dyrsku’n

Mat, kunnskap og handel står i fokus når Dyrsku’n endeleg opnar dørene igjen 9. september.

– Det har nok vore eit stort sakn for mange med Dyrsku’n borte i to år. Det har aldri skjedd før, tenk det har ikkje vore Dyrsku sidan 2019. Nå er me meir klare enn nokon gong, seier administrerande direktør i Dyrsku’n, Geir Helge Espedalen i ei pressemelding.

– Dette har eg gleda meg til å seie; hjarteleg velkomne til Dyrsku’n 2022!

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det aldri har vore fleire utstillarar på Dyrsku’n, og at det blir ei ytterlegare utviding av området tilknytt anlegg og maskin.

Espedalen melder om stor pågang frå både bedrifter og gjester som ynskjer å vere til stades på Dyrsku’n.

– Det ser ut til at tida vi har vore gjennom har forsterka plassen Dyrsku’n har for dei mange som årleg deltek på messa, som har vore arrangert i ei ubroten rekke sidan 1866, med unntak av pandemi-åra 2020 og 2021. Eg trur Dyrsku’n sine verdiar og bodskap er viktigare enn nokon, på fleire område. Me ynskjer å treffast, til ein god handel, for å lære noko nytt eller rett og slett til ein god prat over kaffikoppen, seier Espedalen.

– Som landets største mat- og landbruksmesse finn me det særs gledeleg at stadig fleire av dei som besøker oss har stor interesse i norsk mat. Derfor har vi år bygd om Matkvartalet for å få plass til endå meir spennande norsk lokalmat. Her finn du mat-utstillarar frå heile landet, med noko av det ypparste frå norske råvarer, held han fram.

Les også
Landbruks- og matministeren opnar Dyrsku’n