Flatdal skulekorps: Eldbjørg Lognvik

Skulekorpset loddar ut hagekonsert

Flatdal skulekorps er blant dei som har fått merke koronakrisa. Nå inviterer dei til lotteri der vinnaren kan få ein konsert med korpset.

Det kostar å drifte eit korps. Og det merkast når alt av dei tradisjonelle spelejobbane i vår har blitt borte. Ikkje minst er det usikkert kva som skjer med den viktigaste inntektskjelda; dugnadsjobben på Dyrsku’n. Derfor har styret i Flatdal skulekorps valt ei utradisjonell løysing. Fram til 15. juni blir det mogleg å kjøpe Vipps-lodd for å stø korpset – samtidig som ein har høve til å vinne ein konsert i sin eigen hage.

– Anten ein vil ha det sjølv, eller om ein vil gje det bort i gåve. Det må då vera ei fin 60-årsgåve eller bryllaupspresang, seier Eldbjørg Lognvik, leiar i Flatdal skulekorps.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tid og stad blir me einige med vinnaren om, legg ho til.

Ideen fekk dei frå Notodden der Notodden Bymusikk gjorde eit liknande stunt for å spe på eit korpskasse utan inntekter.

– Me har så lyst til å spela! seier Lognvik, som håpar dei kan få selt 100 lodd og få inn totalt 10 000 kroner på initiativet.

45 år i år

Flatdal skulekorps er 45 år i år. Totalt er dei 31 medlemmer, og størstedelen er barn og unge. Eit blømande korpsmiljø gjer også behovet for opplæring større. Årleg betaler korpset 110 000 kroner til opplæring og dirigent. I eit normalår er dei totale utgiftene på om lag 250 000 kroner.

– Korpset er eit lågterskeltilbod med ein låg medlemskontingent, og me er heilt avhengige av inntektene frå arrangementa me har gjennom året, seier Lognvik.

Korpsa kvalifiserer heller ikkje til krisepakka til lag og organisasjonar. Til det er enkeltinntektene på arrangement for små. Men for Flatdal skulekorps er desse inntektene heilt essensielle.

– Det dannar grunnlaget for å drive korpset. No fell me mellom to stolar, seier Lognvik om krisepakker som ikkje treffer.

Ho seier det kan vera krevjande å halde oppe engasjementet blant dei unge, og at dei derfor er opptatte av å lage engasjerande arrangement, seminar, korpsturar og andre «gulrøter» for at ferske korpsmedlem skal halde fram med instrumenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I fjor fekk me pengar av Sparebankstiftinga til ny uniformar, så me har fått bytta ut ein del av dei. Men framleis er det fleire med uniformer frå 1975, seier ho.

Vest-Telemarkstemne i haust

Kva som skjer med øvingar framover er uvisst, men korpset er i dialog med kommunen. Førebels gjer smittevernsreglane at dei må halde seg utandørs, men Lognvik håpar dei snart kan få øve inne på samfunnshuset att.

Til hausten er 45-årsjubilanten i Flatdal arrangør for det årlege Vest-Telemarkstemnet.

– Det blir spennande å sjå korleis det blir, men det er grunn til å tru at det blir eit friluftsarrangement, seier korpsleiaren.

Flatdal skulekorps
Flatdal skulekorps