Skuleelevane plukka 720 kilo søppel i løpet av nokre timar

Seljord Folkehøgskule har hatt temaveke med berekraft og solidaritet som tema. Onsdag plukka dei 70 elevane søppel i vassdraga i kommunen.

I haust har det mange stadar i Noreg vore store aksjonar med fokus på plast i havet.

– Me har ikkje hav, men me har mykje vatn som renn ut i havet og der plastavfallet til slutt ender, seier lærar ved Seljord folkehøgskule, Kolbjørn Birkrem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Derfor brukte dei 70 elevane ved folkehøgskulen onsdagen på å saumfare mange kilometer langs ulike vatn og bekkar i Seljord. Totalt vart det 5,5 km bekk- og åstrekningar og 1,5 km strandlinje i Seljord, og i Flatdal 5 km langs åi.

Berekraft: Elevane på Seljord Folkehøgskule har hatt fokus på berekraft denne veka. Då passar det bra å rydde søppel.

— Det var mykje plast, men også bildekk, metalltønner, bilbatteri og liknande. Vekta på Renovest synte heile 720 kg, fortel Birkrem.

Aksjonen har vore eit samarbeid med Seljord kommune og Byggmakker i Seljord, og om lag 180 grunneigarar er blitt informert om aksjonen. Birkrem fortel at det har vore fleire fine tilbakemeldingar om tiltaket.

Dei andre dagane i temaveka har folkehøgskulen hatt ekstra fokus på gjenbruk av tøy med fikseverkstad, sy- og trykkeverkstad, strikke og stoppeverkstad, junk journals (lage utklippsbok av gamle blad og bøker). Det er også laga insekthotell og baka braud.

Mykje plast: Elevane fann mykje plast i vasskanten, men også anna søppel.