Sjå bilde frå Kom deg ut-dagen

På Raudkleiv i Seljord var det full fart og høgt aktivitetsnivå.

Barnas Turlag Kviteseid og Barnas Turlag Seljord samarbeider om turar og arrangement, så også sundag, melder dei i ei pressemelding.

Om lag 50 store og små hadde møtt opp, og Kelly Westrik, leiar i Barnas Turlag Seljord, er godt fornøgd med dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det verkar som at alle har kosa seg!

To som har kosa seg er Eline (4 år) og Emrik (1 år) frå Seljord.

Saman med mamma Amalie har dei tatt turen opp på Raudkleiv. Familien er med Barnas turlag for andre gang, og Eline har akkurat gjennomført alle aktivitetane.

Her er det nemleg både ei hinderløype i trea - «the floor is lava», natursti, og å bruke kikkerten til å finne Turbo i trea. Det er vanskeleg å velje kva som var morsomst, synest Eline, men å prøve «zip line» var veldig gøy!

Jan Willem i Barnas Turlag Seljord har solid speidar-bakgrunn, og har montert ei imponerande løype i trea for anledninga. Unger i alle aldrar fekk testa balansen.

Her treffer vi også Soof på 5 år, som svingar seg i klatreløypa med ein Turbobamse i handa.

Ho er med i Barnas turlag og har reist frå Fjågesund til Raudkleiv i dag saman med veslebror Finn på 3 år, venninna Jet på 3, bestemor og pappa Youri. Dei er godt fornøgde med dagen, og synest særleg det er gøy å klatre i aktivitetsløypa.

Tone Byggland i Barnas Turlag Kviteseid skryter av det gode samarbeidet med Barnas Turlag Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjør at det er enklare å vere med som frivillig, fordi de blir fleire til å dele på oppgåvene. Dei ønsker enda fleire vaksne velkommen til å bli med som frivillig, både i Seljord og Kviteseid.

Barnas Turlag Vinje arrangerte sin første tur etter ein liten pause med tur til Furufjell. På veg opp var det natursti med mange morosame oppgåver, og på toppen venta ein premie til alle dei flinke barna som gjekk opp. Godt oppmøte med mellom 20-30 barn som koste seg rundt bålet, melder Guro Skaara frå DNT Telemark.