F.v. prosjektleiar i SixSides, Tommy Modalsli, utstillingsdesignar i SixSides, Liv Moseng, Kristin Person, utstillingsansvarleg for Vinje-senteret, Kristian W. Rantala, dagleg leiar for Vinje-senteret og Liv Santos Holm, grafisk designar i SixSides. Foto: Nynorsk kultursentrum

SixSides blir utstillingsprodusent for Vinje-senteret

SixSides AS er vald som utstillingsprodusent for Vinje-senteret for dikting og journalistikk, som snart er klar til å lage utstilling i nytt bygg.

– Det nye bygget til Vinje-senteret er snart klart til å lage utstilling i. Vi gler oss stort til å ta til med å forme utstillinga i samarbeid med SixSides. Utstillinga blir den einaste av sitt slag i Noreg, og skal vise skilnaden og samanhengen mellom dikting og journalistikk, fantasi og fakta, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret, Kristian W. Rantala i ei pressemelding.

Treng både dikting og journalistikk

Nynorsk kultursentrum lyste ut anbod på utstillingsproduksjon til det nye bygget før jul i 2019. Etter å ha vurdert sju tilbydarar, fall valet på prosjektet frå SixSides AS, melder Nynorsk kultursentrum.

«SixSides AS har levert eit konsept som tydeleg syner at fantasi og fakta, dikting og sanning, finst både i diktinga og journalistikken. Ein treng begge delar for å skildre samfunnet vi lever i. Vinnaren av anbodet var den produsenten som svarte best på alle kriteria i utlysinga», skriv Nynorsk kultursentrum om tilbydaren.

SixSides var òg utstillingsprodusent for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Opnar hausten 2021

Nynorsk kultursentrum driv mellom anna festivalar og museum i Ørsta, Ulvik og Vinje. I kommunen der Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas og Aslaug Vaa er frå, og Halldis Mora Vesaas levde, skal stiftinga opne eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, fakta og fantasi, med opplevingar for både barn og vaksne. Vinje-senteret opnar hausten 2021.

– Vi ønskjer at gjestene våre skal få noko meir enn det dei trudde dei skulle få oppleve, seier utstillingsansvarleg ved Vinje- senteret, Kristin Person i pressemeldinga.

Utstillinga er finansiert av Kulturdepartementet, Vinje kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Fritt Ord og DNB Sparebankstiftinga.

(©NPK)

Leiar for Vinje-senteret Kristian W. Rantala, gler seg stort til å ta til med å forme utstillinga i det nye bygget til Vinje-senteret. Foto: Kari R. Bø / Nynorsk kultursentrum