Slepper debutalbum: Simon Nome, også kjent som artisten Kakaosimon, gjev ut sitt fyrste album, «Kokeboken», i desse dagar.

Simon er klar med sitt fyrste album

Rappar og musikkprodusent Simon Nome frå Fyresdal slepper fredag debutalbumet «Kokeboken».

Våren for to år sidan kom Simon Nome, eller Kakaosimon som han kallar seg som artist, med sin fyrste EP, D'er Kakaosimon. Nå er den unge fyresdølen klar med sitt fyrste album. Nome er både rappar og produsent, og på debutalbumet er det fleire andre artistar som også bidrar, mellom anna Loui & Lexus og Xsextmedlem.

Nome vaks opp i Fyresdal og byrja tidleg å interessere seg for musikk. Han byrja å spele trommer då han gjekk i kulturskulen, og kan ikkje hugse når han sjølv byrja å skrive låtar. Seks månadar etter at han rappa for fyrste gong gav han ut sin fyrste EP. Sidan då har han turnert i Noreg, og spela på småfestivalar og scener saman med bandet Kakaoklubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kokeboken er ei reise lenger inn i Kakaosimons univers av digg mat, naturvin og andre fundamentale ting. Kakaosimon byr lyttaren på eit festmåltid der det blir servert feite bars, jazz-arrangement og tunge beats. Boom bap er kanskje ein døyande sjanger i Noreg, men her tilfører Kakaosimon den nytt liv, skriv artist og manager i ei pressemelding.

Inspirert av mat: Kakaosimon er opptatt av god mat og drikke. Det ber både artistnamnet og namnet på debutalbumet preg av.