Eit bilde frå 17. mai-feiring i Lårdal. Årstalet er usikkert. Det er henta frå ei fotosamling etter Hans Tveito.
Eit bilde frå 17. mai-feiring i Lårdal. Årstalet er usikkert. Det er henta frå ei fotosamling etter Hans Tveito.

Send oss dine finaste bilde frå 17. mai-feiringa

Alt er klart for feiring av nasjonaldagen rundt om i kommunane i morgon. Kvar skal du feire? Og korleis? Vis oss!

Anten du skal feire heime, ein annan stad i landet eller utanlands. Med pølse og is, champagne eller ein varm topptur. I bunad, arbeidsuniform eller badetøy. Me vil ha fine bilde frå 17. mai-feiringa di. 

Du kan sende dei til oss på epost til redaksjon@vtb.no. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Me tar også gjerne imot snappar til vtbsnap, og me håpar de vil tagge #vesttelemarkblad i bilda de legg ut på Instagram.

Me gler oss til å sjå! Ha ei strålande fin feiring.