Miljøskulptur: Seljordingane Hilde Espeland (t.v.) og Maria Heggelund Grave har begge vore involvert i arbeidet med skulpturen. Espeland er tilsett i Drammen kommune, medan Heggelund Grave er kunstnaren som har laga skulpturen.

Seljordingane sitt prosjekt vil vise luftkvaliteten til fleire tusen kvar dag

Hilde Espeland og Maria Heggelund Grave kjem begge frå Seljord. Dei to har vore initiativtakarar bak ein skulptur som viser luftkvaliteten til dei nesten 25 000 dagleg forbipasserande.

Skulpturen som står i Strømsø i Drammen, er eit resultat av eit innovasjonsprosjekt i Drammen kommune, der Espeland arbeider.

– Drammen kommune hadde starta eit miljøprosjekt i bydelen Strømsø. Maria er utdanna produktdesignar, er gründer og interessert i å utvikle idear knytt til miljø og informasjonsdeling. Samarbeidet mellom Drammen kommune med mellom anna Hilde har resultert i ein nesten fem meter høg installasjon midt i det mest trafikkerte vegkrysset i byen. Nesten 25 000 trafikantar og forbipasserande vil kunne sjå korleis luftkvaliteten i byen er, opplyser dei to seljordingane, som ikkje kjente kvarandre før dei byrja å arbeide på prosjektet i Drammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grave har bygd skulpturen på Gjøvik, der ho bur i lag med kjærasten ho møtte på Dyrsku'n for åtte år sidan.

– Me har utvikla ei programvare som hentar inn informasjon om luftkvaliteten i Drammen frå målestasjonar og sensorar rundt om i byen. Denne informasjonen blir så vist gjennom farga ljos på installasjonen. Gult ljos betyr god luft og lilla er dårleg, forklarar Grave til VTB.

Ho fortel ho håpar på fleire slike prosjekt i andre kommunar innan året er omme, og at ho i tillegg har ein draum «om at miljøinstallasjonen som læringsarena med eit kunstaspekt, vil vekke interesse også utover Europa».