Samarbeider om babysong og småbarnstrall – minskar einsemd

Seljord kommune løyver 12 000 kroner til samarbeidsprosjektet mellom kyrkja og frivilligsentralen.

Løyvinga blei samrøystes vedtatt i onsdagens formannskapsmøte i Seljord. Pengane skal gå til råvarer for lunsj, midlar til å lage songhefte, og midlar til ein profesjonell kurshaldar.

Seljord frivilligsentral søkte om vel 16 000 kroner i støtte til å arrangere småbarnstreff saman med Seljord kyrkje. Her møtest føresette og barn opp til 5 år ein gong i månaden og syng saman, og får ein enkel, gratis lunsj.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prosjektet minskar einsemd blant unge vaksne/vaksne i kommunen, kan gjere kommunen meir attraktiv for barnefamiliar, og kan bidra til at kommunens innbyggartal veks. Å legge til rette for nye vennskap på tvers av sosiale grupper gagnar ikkje berre dei vaksne, barna får også større nettverk, står det i søknaden.