Fekk pris: Dagfinn Midtbø og Erik Bastiansen frå Tokke historielag saman med Rune Vibeto og Erling Susaas frå Holla historielag.

Rikard Berges pris til Tokke historielag

Tokke historielag og Holla historielag har fått Rikard Berges pris for lokalhistorisk arbeid i Telemark for året 2023.

Prisen vart delt ut av Telemark historielag under eit seminar på Telemark museum i Skien den 22. april. Priskomiteen ytrar om prisen til Tokke:

«Tokke historielag får prisen for eit langvarig godt lokalhistorisk arbeid og årsskriftet som har blitt utgitt i mange år. Dette bidrar til å bevare og formidle historia i nærområdet.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Tokke var Dagfinn Midtbø og Erik Bastiansen til stades for å ta imot blomar og diplom. Båe representantane har vore med i styret til historielaget sidan 2006, og Dagfinn hadde og ei rolle då Olav Grimdalen stifta laget i 1978.

Om Rikard Berges pris for lokalhistorie:

Rikard Berge var fødd på garden Berge på Rauland i 1881, og voks opp på ein gard med eit rikt kulturliv som vekte interessa hans for folketradisjonar, slekts- og lokalhistorie. Særleg i perioden 1908 til 1916 dreiv han eit intenst innsamlingsarbeid.

Han hadde studieopphald i Oslo og København, medan han gjorde arkivarbeid og skreiv av mengder arkivstoff om bygdene i Telemark. Mykje av dette bruka han i bygdeboka om Rauland og Vinje.

I 1916 vart han tilsett som styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Då hadde han til saman publisert over 40 større og mindre arbeid om folkekultur.

Vinnarar av Rikard Berges pris for lokalhistorie:

2020 og 2021: Torstein Kiil og Stråholmen, og Helge Songe og Tom Nilsen

2019: Ingulv Burvald

2018: Harald Nikman og Halvard Kårstein

2017: Kviteseid historielag

2016: Skotfoss historielag

2015: Aasta og Øystein Kostveit

2014: Thorbjørn Wahlstrøm og Helge Markussen

2013: Dag Straume og Johnny Sørensen

2012: Vinje historielag

2011: Siljan historielag og Historisk Forum

2010: Bamble historielag

2009: Øystein Morten si bok Stavkyrkja i Eidsborg – Ein biografi

2007: Ragnar Lurås og Ragnvald Christenson for boka Ljos og kraft til alle heimar

2006: Rauland historielag

2005: Arne Espelund for boka Jernet i Vest-Telemark – der tussane rådde grunnen

2004: Peter Fjågesund og Drangedal historielag

Kjelde: Telemark-historielag.com