Refleksvestar til 1. klasse ved Åmot skule

Vinje sanitetslag har gjeve elevane i 1. klasse ved Åmot skule nye refleksvestar.

– Det er haust og starten på mørke kveldar og morgonar, me håpar vestane blir bruka flittig framover, seier Guri Fonnum Hylland i Vinje sanitetslag.

Fornøgde: Namn på elevane i tilfeldig rekkjefylgje: Engebret V. Aase, Mohamed Alkatta, Malin Berget-Johansen, Halvard R. Bjåen, Halvor H. Hylland, Amalie B. Kroken, Gonnar S. Ringhus, Samuel N. Suleiman og Marjit A. Teigland. Foto: privat