Jaga bort: Bygdefest på Verket med dans, og med besøk av to frå Austheia, som blir jaga bort av verkingane. Dei vil ikkje at dei reiser med jentene deira.

Rallardag med skjemt og alvor

Det var fullt i gruveparken på Åmdals Verk på laurdag då lokalsamfunnet heidra rallaren med song.

Gruveparken, som vart opna i 1988, danna ei fin ramme rundt dagen med sol og ein grasbakke som lagar eit fint amfi framom scena der spelet «Minner» av Anne Fles vart framført.

Rallardagen såg dagens lys i 1981, då i samfunnshuset på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det passar med ein Rallardag her, då det er mange som arbeider som moderne anleggsarbeidarar og som bur her på staden. Så har me historia med gruvene her og rallarane der. Slik heng fortid og notid saman, sa instruktør for spelet, Inger Synnøve Fles Lie, før dei fyrste gjestene kom.

Rallardagen: Unni Bendiksen (t.v.) og Inger Synnøve Fles Lie – to viktige personar for Rallardagen i rallarstakk. -Den er sjølvkomponert og eg syntest me måtte ha ei like fin drakt som karane i Rallargruppa, fortel Lie.

Heile lokalsamfunnet med

Denne dagen var heile lokalsamfunnet med på å bidra til at det vart ein vellukka dag. Frå dei yngste til dei eldste. I spelet «Minner» var dei yngste skodespelarane 12 år og den eldste 83 år. Elles stilte lokale folk i matserveringa og den lokale visegruppa Rallargruppa var dei som starta innslaga med rallarviser. Lydfolka var også lokale.

– Rallardagen var ein suksess frå fyrste dag. Her kjem det både lokale, utflyttarar og etterkommarar av dei som budde her før. Samstundes så lærer dei unge om historia vår her på Verket. Gruvehistoria er spesiell for området her, sa ein stolt og fornøgd Unni Bendiksen, leiar i lokallaget for Åmdals Verks gruver.

Rallardagen er ein tradisjonsrik dag på Verket, som staden berre bli kalla lokalt. Det er viktig for å binde samfunnet saman og den er like godt vitja i dag som i 1981.

Rallardagen: Unni Bendiksen ynskjer velkomen til dagen. Det vart også sagt nokre ord om Birger Bastiansen sin bortgang før påske i år. Han var ein viktig aktør bak opninga av gruvene for publikum og for gruvemuseet med sine modellar av korleis anlegget såg ut.

Trøysteviser

Men rallaren hadde lange og tunge arbeidsdagar i glansdagane sine. Det var spesielt frå 1850 til 1930 at rallaren var aktiv på anlegg her i landet. Særskilt var utbygginga av jernbanen i Europa viktig. Når rallaren trengde litt oppmuntring og å drøyme seg litt bort til kjærleik, heimstaden og familie, så song han gjerne viser. Visekulturen stod sterkt hjå rallarane, og det var difor naturleg å opne dagen på verket med rallarviser. Her vart det fleire viser av den svenskætta Henry Skilbred (1905-1988) frå Skottfoss, som var oppteken av visekulturen til rallarane. Det var mange svenskar som kom til Noreg som rallarar.

Svarta bjørn: Rallargruppa syng som fyrste innslag. Blant anna song dei «Svarta bjørn» som var inspirert av dei svenske rallarane på Skottfoss ved Skien.

«Forbanna austheiingar»

Spelet som er kvart år på rallardagen er viktig, og i år handla det om dagleglivet med fest, kjærleik og minne. Me fylgjer rallaren Olav som er så forelska i Signe, men ho dreg til teneste på ein plass i Austheia, i grannelaget til Verket. Olav blir redd for at ho vil forelske seg i ein austheiing som kjem på bygdefest til Verket og som han blir sjalu på når han dansar med Signe. Vidare treffer me den gamle mannen Halvor som på sine eldre dagar lever på Verket. Han er gamal rallar og har skadar etter ei arbeidsulukke, men blir passa godt på av lokalsamfunnet og som har ein god alderdom der.

Rallarspelet: Laurdag og ein tår på fest for Knut, Olav og Gustav. Olav vart spelt av Halvor Rui.
Jaga bort: Bygdefest på Verket med dans, og med besøk av to frå Austheia, som blir jaga bort av verkingane. Dei vil ikkje at dei reiser med jentene deira.

Country og miniatyrmodellar

Det var også innslag av Inger Lise Stulien og Arthur Stulien frå Rysstad i Setesdal. Ho har gjeve ut ein del musikk innan viser blant anna. Medan Arthur har sunge mest country. Dei song fleire countrylåtar for tilskodarane.

Kulturprisen i Tokke vart også delt ut på scena, og årets vinnar Ståle Oddvarson Brendstuen vart av Geir Arild Djuve, utvalsleiar for oppvekst, kultur og idrett heidra med diplom, blomar og ein premie på 15 000 kroner

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ståle har med sitt imponerande arbeid med å rekonstruere Moen gard gjennom sine miniatyrmodellar vist stor interesse for historia på Dalen sidan 2018. Dette fell under kulturomgrepet, og ein kan beundre at han gidd å halde på med dette detaljarbeidet i timevis. Vanlegvis så blir ikkje kulturprisen dela ut til ein som har vore aktiv med arbeidet sitt i så kort tid, men me har høyrt at han har planar om å lage mange modellar i framtida. Med prisen vil me oppmode han til å halde fram med dette arbeidet og er viss på at han vil levere modellar i mange år framover over kulturen i Tokke, gav Djuve som grunngjeving for prisen.

Underheldt: Inger Lise Stulien og Arthur Stulien underheldt også med song denne dagen. Dei kom frå Setesdal. – Eg følte meg heime med ein gong eg kom hit. Det er ein utruleg fin plass de har her, sa Inger Lise før dei byrja.
Kulturprisvinnar: Ståle Oddvarson Brendstuen takkar for kulturprisen og fortel litt om planane framover. – Mine neste prosjekt er å bygge modellar av direktørbustaden her på verket og av Bandak Hotel, kunne Brendstuen røpe.
Populært: Mange hadde funne turen til Åmdals Verk laurdag.
I grasbakken: Folk kosa seg i grasbakken i parken og hadde med seg fluktstolar før innslaga byrja.