«Rablinger av ulærde småkarsfolk finnes ikke»

Vinjeboka er ikkje overlevert på folkemunn gjennom hundreår slik som segnene og visene, men blei skriven i eit avgrensa tidsrom av nokre få ukjende forfattarar. Eigaren heitte kanskje Hans og var i så fall prest i Vinje, Lårdal og Seljord

«Denne Bog er funden under koret, da Winje kierke blev nedreven 1796,» står det på siste side. Der hadde ho lege i kanskje hundre eller to hundre år, men kvar kom ho frå?

Heilage Stefan eller Helge Staffen?

Lærar og kyrkjehistorikar Oskar Garstein (1924–1996), som har kommentert og sett om Vinjeboka til moderne norsk, skriv at ho måtte vera frå kring 1480. Innhaldet peikar mot katolsk tid, for her finst hymner til jomfru Maria, trass i at helgendyrking var forbode etter reformasjonen. Heilag Olav er ikkje med, som er litt rart når me veit at olavskulten fanst i Nord-Europa, og til og med i Betlehem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men fleire andre helgenar trer fram, til og med ein som aldri har hatt helgenstatus. Sanctus Job, han frå Det gamle testamentet, blir nemleg påkalla for å lækja ein hest med orm i magen.

Sanctus Staffen like eins, meiner Garsten. Han trur det er ein klosterbror frå Dalarna som døydde kring 1500, Helge Staffen, som skal hjelpa hesten med noko anna. Garstein nemner ikkje Stefan martyren, som blei drepen berre eit halvt år etter Jesus og attpåtil er vernehelgen for hestar og mot hestesjukdomar.

Fyrstemann: Sanctus Staffen er han du skal kontakta når hesten din har skrubbsår. Garstein trur det er ein svensk bygdehelgen, men kunne det ikkje vera heilage Stefan, urmartyren? VTB ventar på svar frå deg, lesar.

Utanom det katolske innhaldet stør Garstein seg òg på vassmerka. Vassmerke er avtrykk på sidene som finst i mykje gamalt, finare papir. Du ser det når du held arka opp mot ljoset, nett som på pengesedlar, og er du heldig, finn du maken i eit register og kan fastslå både alderen på papiret, og kva trykkeri som har prenta det.

Garstein oppdagar dei same vassmerka i eit oppslagsverk og sporar papiret att til Frankrike eller Luxembourg frå om lag 1480.

Ikkje folkedikting

Ein ting som kanskje er skuffande for mange, er at det ikkje er spor av telemarksmål i heile boka. Store delar er skrivne på mellomaldernorsk, det vil seia dansk med innslag av norske ord som vatn, og forfattarane må hatt høg utdanning.

All den latinen, for mykje er på latin, tyder òg på det. Som Garstein påpeiker: «Rablinger av ulærde småkarsfolk som knapt kunne lese eller skrive, finnes overhodet ikke.»

Innhaldet kan stå fram som folkeleg nok. Rådet mot gikt handlar om at du skal flå ein katt, hogge hovudet av han, hakka kjøtet i småbitar og steika det i ein gås, som du så skal smørja på huda. «Et bedre legemiddel mot gikten finnes ikke.» Men dette var ikkje alternativ medisin – det var skulemedisin, og forresten har me endå i dag til gode å finna eit middel som tek bort gikt.

Korleis hamna boka i Vest-Telemark?

Fleire hender har skrive Vinjeboka, noko me ser av skrifta. Kven anar me ikkje, men eigaren har me ein idé om. Han må ha vore bibelsprengd, og berre dét snevrar det inn ein del.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit skøyte frå Midtbø-garden datert 1492 omtalar ein Hans Larensson som prest i «Vinnie», og den same Larensson skal ha vore i Lårdal og Seljord tidlegare. Larensson hadde ein «meer end almindelig god Tænke-Maade», ifylgje presten og seljordingen Hans Jacob Wille, som levde nokre hundreår seinare.

Her har me ein god kandidat. Larensson kan ha kjøpt boka som ei skrivebok på kontinentet, der han må ha studert om han var så gløgg. Så må han ha reist kringom i Norden og hatt kontakt med forskjellige prestar som alle medverka med kvar sin ekspertise, mellom anna ein med interesse for gynekologi og ein med sterk hug til hestar, før han kom til Vest-Telemark rundt 1480.

Boka var truleg i bruk ei god stund etter at Larensson døydde. Kanskje gjekk ho frå prest til prest, før nokon tok hintet frå styresmaktene og la henne vekk under golvet i kyrkja.