Quiz er alltid moro - anten ein er heime eller på hytta. Davids påskequiz passar for heile familien. Køyr quiz!

Allmenn

1. Er ein høneblund kort og lett eller lang og tung?

2. Avstanden frå straffesparkmerket til fotballmålet er tilnærma lik kor mange meter?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva for ein av dei sju verdsdelane har rundt 1,3 milliardar menneske fordelte på rundt 30 millionar kvadratkilometer?

4. Kva for ein av gull, sylv og bronse er ikkje eit grunnstoff?

5. Kven var kulturminister i Jens Stoltenbergs første regjering og er enkje etter jazzmusikaren Jon Christensen, men er likevel mest kjend frå ein annan kulturbransje?

6. Kva var ein solidus i Romarriket? Eitt ord held som svar.

7. Det var solidus. Kva ikkje heilt ulikt namn har det eldste tannkremmerket på marknaden i Noreg?

8. Kva for to naboland har territorialkrav i Antarktis ved sida av Noreg, Storbritannia, Frankrike, Australia og New Zealand?

9. Bilete: Kva for eit ord på P har me for den bakarste spisse delen av ein hammar? På til dømes ein snikkarhammar er denne delen kløfta for å kunne dra ut spikrar.

10. Gje namnet på ein av dei to hovudrolleinnehavarane i filmen «The Shawshank Redemption» frå 1994, kjend som «Frihetens regn» på norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

11. Brusen Villa har både namnet og villataket i raud farge. Kva farge har både desse og korken i den sukkerfrie varianten, som kom i 2018?

12. I kva for eit oddetalsår opplevde Napoleon sitt definitive nederlag med slaget ved Waterloo?

13. Skulefaget KRLE står for kristendom, religion, livssyn og …

14. Kva for ein nevrotransmittar med viktig funksjon i både hjernen, tarmen og blodet vert laga av aminosyra tryptofan? Dette ser me på det alternative namnet 5-hydroksytryptamin.

15. Er det bokstavar eller tal ein skal fylle inn i ein sudoku?

16. I 1950 kom Alf Prøysen med «Trost i taklampa». Er dette ei barnebok?

17. Bilete: Vert ein sjiraff om lag tre meter, fem meter eller åtte meter høg?

18. 1980-åra såg fleire norske sportsdansepar nå verdstoppen. Eit av dei var ekteparet Gunn og Raymond …

Artikkelen held fram under annonsen.

19. Kva kallar me den normalt beste typen skiføre, med nokre få minusgradar og relativt nyfallen snø som er lett, tørr og mjuk?

20. Til slutt ei tankenøtt: Kva er det Noreg ikkje hadde frå november 1938 til januar 1991?

Svar «Allmenn»

1. Kort og lett.

2. Elleve. (Avstanden er 12 yard. 10,9728 meter er nær nok til at me normalt seier 11 meter.)

3. Afrika.

4. Bronse.

5. Ellen Horn.

6. Ein mynt. (Det er òg rett med spesifikasjonen gullmynt, eventuelt ord som pengar og valuta.)

7. Solidox.

8. Chile og Argentina.

9. Penn.

10. Ein av Tim Robbins og Morgan Freeman.

11. Blå.

12. 1815.

13. Etikk.

14. Serotonin.

15. Tal.

16. Nei.

17. Om lag fem meter høg.

18. Myhrengen.

19. Silkeføre.

20. Dronning.

Vest-Telemark

1. Kva for eit arrangement i Nissedal skal etter sumarens plan få vitjing av mellom andre Aqua, Vassendgutane og Tix?

2. Bilete: Kva for ein av desse NRK-jobbane har Yasmin Syed hatt sidan 1999: nyheitsanker, kanalvert eller vêrmeldar?

3. Tokke kommune vart til i 1964. Kva stad mellom Dalen og Byrte gav namn til kommunen som då slo seg saman med Lårdal?

4. Kva folkeminnesamlar med breitt nedslagsfelt skal ha vore den første nordmannen til å gjere opptak med kvedarar og spelemenn? Dette var rundt 1908.

5. Kva populær destinasjon nordvest for Vrådal sentrum vert delt i Austre og Vestre, på 1005 og 1018 meter over havet?

Artikkelen held fram under annonsen.

6. På Klypelyftsteinen les me to frasar om Sterke-Nils, båe på tre ord. Den første er «Fødd i Kviteseid». Korleis lyd den neste, som opnar med eit tibokstavsord?

7. Bur det meir enn 1000 menneske i Fyresdal kommune?

8. Aasmund Olavsson Vinjes geit Lykle fekk berre tvillingar. Kva heitte tvillingen til Blåmann, som òg hadde ein farge i namnet?

9. I kva for eit partalsår vart Magnus Krog olympisk meister i kombinert?

10. Under kva triveleg forkorting kjenner me Kviteseid omsorgssenter?

Svar «Vest-Telemark»

1. Treungenfestivalen.

2. Kanalvert.

3. Mo.

4. Rikard Berge. (Det er Norsk biografisk leksikon som opplyser om dette.)

5. Roholtfjell.

6. Ihelslegen i Seljord.

7. Ja. (Talet er nær 1300 per 1.1.2020.)

8. Kvitfeld.

9. 2014.

10. KOS.

Påske

1. Kronblada på ei påskelilje er samanvakse til ei klokke. Kva for eit partal begerblad stikk ut bak klokka?

2. Kva for ein sundag innleiar den stille veka og dimed påskehøgtida?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. NRK skal ha send sin første påskekrim på fjernsyn i 1976. Kva fiktiv, elegant og bokelskande brite var detektiven?

4. Er ordet påske nemnd i Bibelen?

5. Ifylgje Bent Stiansen er det fem krydder som passar til påskelam: salt, pepar, kvitlauk, timian og …

6. Var påskeopprøret i Irland i 1916 mot brennevinsforbod, britisk styre eller irsk deltaking i verdskrigen?

7. Kva heiter staden utanfor Jerusalem der Jesus vart krossfest på langfredag?

8. Bilete: Mange av dei største namna i kunsthistoria har portrettert Jesus på krossen. Kven måla dette rundt 1618–1620 og fleire liknande motiv?

9. Kva storby er kjend for det fargerike opptoget Easter Parade i Fifth Avenue kvar 1. påskedag?

10. Me held på 1. påskedag og spør: Kva for tre ord opnar den andre strofa (det andre «verset») av «Påskemorgen slukker sorgen»?

Artikkelen held fram under annonsen.

Svar «Påske»

1. Seks.

2. Palmesundag.

3. Lord Peter Wimsey.

4. Ja (men då om jødanes påske, altså pesach).

5. Rosmarin.

6. Britisk styre. (Opprørarane måtte overgje seg, men hendinga vart eit viktig symbol for kampen for sjølvstende. Den kom seks år seinare, i 1922.)

7. Golgata.

8. Peter Paul Rubens.

9. New York.

10. Redningsmannen er oppstanden.