Vekkjer åtgaum: Dalen hotell blir lagt merke til utover landegrensene. Nå er det klart at hotellet får pris både som «beste historiske luksushotell» og for «fine dining».

Prisdrys til hotellet. – Det betyr at me gjer noko rett

Dalen hotell kan sjå tilbake på ein god sesong, nå er det også klart at hotellet får pris for å vere «beste historiske luksushotell», medan restauranten får pris som «fine dining».

Det er gjester som har stemt fram hotellet, og det er World Luxury Hotel Awards 2022 som står bak prisdryset.

– Det er veldig hyggeleg å få ei anerkjenning. Prisen blir røysta fram av gjestene så det betyr at me gjer noko rett, seier hotelldirektør ved Dalen hotell, Filip Åbom.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vår fekk hotellet frå 1894 også prisen «a story to tell» som vart stemt fram av historiske hotell i Europa, som Dalen hotell er ein del av.

– Me veit me er eit hotell med ein historie å fortelje med Telemarkskanalen og kongelege besøk. Me håpar også dette kan bidra til at me kan få ein «boost» på den internasjonale marknaden, fortel Åbom.

Han fortel at dei framleis ventar på at det verkeleg skal losne på den internasjonale marknaden.

– Det var på gang, men det har vore pandemi og nå er det krig i Europa som ikkje hjelper. Men det kjennest som det er på gang nå, at det kan losne, særleg på den amerikanske marknaden, seier Åbom.

I 2018 investerte dei i nytt kjøkken og god mat er eit viktig satsingsområde.

– Det er ein stor del av opplevinga hos oss, og er heilt klart eit satsingsområde og har vore det lenge. Me ønsker at maten skal vere ein grunn til at folk vil kome til oss. Sidan me fekk nytt kjøkken har me også kunne strekt oss litt ekstra, seier direktøren.

Tidlegare i haust vart det også kjent at hotellet får ein million kroner frå Kulturminnefondet for utbetringar av taket. Det gler hotelldirektøren stort.

– Det er fleire gladsaker på ein gong nå, seier ein godt fornøgd Åbom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rom med utsikt: Både eksteriør og interiør på Dalen hotell blir lagt merke til. Men utsikta ned mot Bandak kan ein vel heller ikkje klage på.