Norske jordbær er populære, men det kan bli færre av dei framover. I fjor vart det produsert 30 prosent færre norske bær enn i 2019, og i år kan det bli halvparten av eit godt år.Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Populære norske jordbær

Det blir ikkje sommar utan norsk jordbær, meiner sju av ti spurde i ei ny undersøking. No er tilgangen på norske bær på veg opp og prisane på veg ned.

Det er Opplysningskontoret frukt og grønt som har bestilt undersøkinga, som viser at folk på Sørlandet og i Telemark er aller mest entusiastiske til norske jordbær. Der meiner åtte av ti at det ikkje blir sommar utan.

Dei første norske bæra kom i butikk i førre veke, og prisen var då oppe i 90 kroner korga. No modnar det stadig meir bær og prisen er på veg nedover. Ifølgje VGs jordbærpris-protokoll var det torsdag mogleg å få tak i ei jordbærkorg til 40 kroner på torget i Hønefoss, og utanfor Stavanger blir det meldt om 35 kroner korga. Høgsesongen er vanlegvis andre veka i juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norske jordbær kan likevel bli sjeldnare og dyrare i framtida, meiner Norges Bondelag, som kallar situasjonen kritisk. Talet på jordbærbønder er redusert frå 1200 til 300 dei siste 20 åra, viser tal frå Landbruksdirektoratet. Lenge vart dette kompensert ved at dei attverande bøndene produserte meir, men dei siste åra har også produksjonen gått ned.

– No har vi ikkje råd til å miste fleire. Det klarer ikkje dei som er igjen å kompensere, sa Thorleif Müller i Bondelaget til NRK sist veke.

Også denne sesongen slit produsentane med å skaffe nok arbeidskraft, og dessutan har kostnadene auka. Det gjer at prisane kanskje held seg noko høgare enn vanleg.

(©NPK)