Perleskum-konsert med skråblikk på A.O. Vinje

27. april fyller ensemblet Perleskum Vinjar med fengjande og smektande feler, tuba, piano og folkesong.

Initiativtakar til det musikalske samarbeidet er felespelar, folkemusikar og komponist Jorun Marie Kvernberg, og med seg på scenen har ho folkesongar Unni Boksasp, tubaist Lars Andreas Haug og pianist Dag-Filip Roaldsnes, melder Vinjesenteret i eit presseskriv.

Ensemblet tek for seg Aasmund Olavsson Vinjes tekstar i ny melodisk drakt, laga av Jorun Marie Kvernberg. Musikken ligg i kryssingspunktet mellom folkemusikk og jazz.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det at me har hatt så gode songtekster frå Vinje si hand har løfta prosjektet Perleskum, hevdar Unni Boksasp. Ho fortel at kvaliteten og djupna i tekstene har vore noko å strekkje seg etter i musikken og utøvinga. Ho meiner at historiene og fargane i Vinje si dikting påverkar musikken og gjev den retning og nye formål.

– Det har vore veldig gjevande å leike seg med, seier tinndøl-nordmøringen Boksasp, som mellom anna har Spellemannpris og ei lang karriere som ettertrakta solist i sekken.

Lokale øyrevarmarar

Før konserten får publikum høyre unge lokale utøvarar frå scenen når ein liten gjeng elevar frå Vinje kulturskule varmar opp sansane til publikum. Med seg har dei kulturskulelærar Lars Erik Øygarden.

– Kulturskulen i Vinje er viktig for rekrutteringa til eit levande musikkliv i kommunen, og me er glade for at dei har lyst å koma hit til oss denne kvelden, seier vertskap- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland.

Utøvarane i Perleskum synest også det er veldig kjekt når yngre krefter vil vere med ein slik kveld.

I dagane før og etter konserten kjem ensemblet til å fylle Vinjar samfunnshus med tonar og ord. Då skal dei arbeide med og øve inn eit heilt nytt repertoar, og nokre av resultata blir å høyre på konserten.

– Det er stor stas at Perleskum vitjar oss, og morosamt at A. O. Vinjes tekstar framleis blir bruka og framført. Me gler oss også til å høyre den nye musikken dei lagar. Dette blir ein festkveld, så ta turen hit, inviterer Nestestog Edland.