Det blir tomme kyrkjebenkar i vekene framover etter Kyrkja tilrår at alle gudstenester blir avlyste etter dei nye innstrammingane av koronatiltaka.Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Påskegudstenestene blir avlyste

Som ein konsekvens av dei innstramma koronatiltaka, har organisasjonane til kyrkja tilrådd at alle gudstenester blir avlyste framover.

Regjeringa varsla tysdag kveld fleire koronainnstrammingar, mellom anna nasjonal skjenkestopp og råd om maks to gjester på besøk i heimen.

«Myndighetene anbefaler å ha så få nærkontakter som mulig for å begrense smittespredning. På den bakgrunn anbefaler Kirkerådet, KA – den kirkelige arbeidsgiver- og interesseorganisasjonen, Bispemøtet og Norges Kirkevergelag at alle gudstjenester avlyses», skriv Den norske kyrkja i eit nyheitsbrev tysdag kveld, ifølgje Dagen.

Kyrkja peikar spesielt på tilrådinga om at alle arrangement bør avlysast eller avviklast med maks 20 deltakarar innandørs eller 50 deltakarar utandørs og skriv at det er opp til den enkelte kyrkjelyd lokalt om planlagde vigslar og dåp kan gjennomførast.

I påskerådet frå regjeringa heiter det òg at: «Ved gudstjenester og andre religiøse markeringer og livssynssamlinger i påsken gjelder regler, retningslinjer og anbefalinger for arrangement. Du bør ikke delta på slike samlinger utenfor din egen kommune. Det anbefales å utsette alle arrangementer som det ikke er absolutt nødvendig å avholde til etter 12. april.»

Innstrammingane frå regjeringa blir innførte frå natt til torsdag 25. mars.

(©NPK)