Ingen skal sitte aleine: Martin Lundarvollen er god til å teikne, og då prosjektet 59 grader Nord trong ein rallar, tenkte Inger Synnøve Fles Lie på skuleeleven Martin som er dyktig til å teikne. Ideen til benken med rallarane hadde Fles Lie. – Ingen skal måtte sitje aleine på Åmdals Verk, seier ho.

På Åmdals Verk ville dei ha ein rallar – då fann Martin fram teiknesakene

Martin Lundarvollen frå Åmot går i 2. klasse på Vest-Telemark vidaregåande. Han byrja å teikne då han gjekk i 8., men rallarane visste han ikkje så mykje om før han vart engasjert til å teikne ein.

– Eg byrja å teikne i 8. klasse, fortel Martin.

Sidan då har det blitt mange fulle skissebøker. Berre dette skuleåret har han teikna ut tre tjukke bøker, og er nå på sin fjerde. Han blir inspirert av filmar, gjerne skumle grøssarar, og spel.

Artikkelen held fram under annonsen.

I skissebøkene er både Super Mario og Luigi, drakar og prinsesser. Men han kan også bli inspirert av natur og landskap. Og det hender han tek med teikneblokka utandørs.

– Akkurat nå teiknar eg mest anatomi, seier Martin.

Rallar og slusk, populær og upopulær

Men så veldig mykje kjennskap til rallarane hadde ikkje 18-åringen, før Inger Synnøve Fles Lie fekk han til å teikne ein i samband med prosjektet 59 grader Nord. Ho jobbar nemleg på skulen og er ein av eldsjelene i prosjektet.

Realisme og fantasi: Det er fleire hovudskallar i teiknebøkene til Martin, men også mange figurar som liknar på og er inspirert av karakterar frå ulike spel.

– Eg fann nokre gamle bilete på nettet. Rallaren hadde ofte hakke og hatt, fortel Martin.

– Men kven var eigentleg rallaren?

– Ein rallar jobba i gruvene, han reiste frå stad til stad, drakk litt, slåst litt, og var ikkje alltid så populær. Eller dei var ofte kjekke og populære blant jentene, men kanskje ikkje hos svigerfar, fortel Fles Lie.

Rallarane var stort sett unge menn, dei kom aleine og mange av dei kom frå Sverige. Arbeidet i gruvene var hardt, og rallarane hadde tøffe liv. Mange av dei budde i gruvelandsbyen, men ikkje alle.

– Familiane her måtte også ta dei imot og busetje dei i husa sine, kanskje 3–4 stykk, og så tente familiane litt på det også, seier Fles Lie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lenge sidan rallarane var ein del av samfunnet på Åmdals Verk, men nå blir han igjen synleg.

– Me er veldig stolte av rallaren, eller slusken som me også kalla dei, på Åmdals Verk, legg ho til.

Teiknaren: Martin fyller mange bøker med skissene sine. Ofte brukar han berre blyant, men han er glad i fargar også. Han teiknar også på pc der han har mange fleire verktøy.

Frå skisseblokk til figurar i stål

I tilflyttingsprosjektet for dei tre bygdene Skafså, Åmdals Verk og Austheii, 59 grader Nord, vil dei lage ei aktivitetsløype. Dei vil at rallaren skal vise veg til dei som skal gå løypa.

Og Martin får oppdraget med å teikne.

Han byrja å teikne, det vart mange skisser før han «fann» rallaren. Læraren stilte som modell, rallaren på benken sit litt framoverlent, proporsjonane var viktig. Vanlegvis er han veldig opptatt av detaljar, men teikningane av rallaren har ikkje så mange detaljar.

Skissene blir til teikningar. Og elevane på TIF (teknologi- og industrifag) overtek. Dei legg teikningane til Martin inn på pc, og skjer rallarane ut i stålplater. Hakka og hatten går igjen. Nokon er nesten i full storleik, andre er mindre og skal henge på husveggane, og alle skal vise at dei gåande er på rett veg i Malmvegen.

Malmvegen skal starte ved gruva, gå gjennom Åmdals Verk, og bustadfeltet og til slutt ende ved badeplassen Key West-Ø. Langs heile vegen skal det stå rallarar, dei skal fungere både som vegvisarar og vere utstyrt med qr-kodar så dei spaserande kan få meir informasjon om dei ønsker.

– Og ved grustippen skal me ha ein tre meter høg rallar, den kjem me til å sjå både frå Verket og frå vegen, fortel Fles Lie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpet er at den ruvande rallaren vil bli eit landemerke, og kanskje ein Instagram-hit.

Går vidare på teikneserie og illustrasjon

Martin byrja å jobbe med prosjektet i haust, og i 59 grader Nord håpar dei Malmvegen kan opnast i løpet av sommaren.

Attenåringen har ikkje mange dagane igjen på Vest-Telemark vgs. Han går på elektro-linja, men har hatt tilrettelagt opplæring som også har gjort det mogleg å også fokusere mykje på teikning. På skulen har han også lært om fargelære og perspektiv. For Martin har det vore eit godt opplegg, men etter to år går turen vidare til folkehøgskule.

– Eg skal gå på teikneserie og illustrasjon. Det blir spennande, seier han med eit lite smil.

Skisseblokkene er fulle av blyantteikningar i svart/kvitt, men han er glad i fargar også, han kan måle akvarell og teiknar også på pc.

– Eg har fleire verktøy på pc-en. Men det går litt opp og ned kva eg gjer mest av.

Fles Lie og Birgit Johanne Kovajord Olsnes frå den vidaregåande skulen er glade for at elevane på skulen kan bidra på denne måten.

– Skulen er veldig glade i slike prosjekt, at ein brukar dei ressursane som er her, kommenterer Kovajord Olsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore veldig moro. Å sjå at det eg teiknar blir til noko, nikkar Martin.

Kunstnarisk vegvisar: Rallarane skal vise veg langs Malmvegen, og dei som vandrar aktivitetsløypa kan også skanne qr-kodar for å få meir informasjon om historia.