Ove Mellingen sluttar som sjefredaktør i Telemarksavisa

Ove Mellingen (59) gir seg som sjefredaktør og administrerande direktør i Telemarksavisa etter 26 år i stillinga, varsla han i eit styremøte torsdag.

Mellingen trer av etter nyttår og vil då halde fram som kommentator i avisa, skriv Telemarksavisa i ei pressemelding.

– Eg er utruleg glad for det vi i TA har fått til. Eg er stolt over resultata, men endå meir stolt er eg over at TA bruker tid og energi på samfunnsoppdraget. TA-gjengen er ei heilt fabelaktig gruppe med journalistar som har gjort det til eit privilegium for meg å leie avisa i så mange år, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellingen fyller 60 år i oktober. Han har vore tilsett i Telemarksavisa sidan 1993, og var utviklingssjef og assisterande sjefredaktør før han rykte opp til sjefredaktør i 1998.

– Som eigarar er vi fantastisk fornøgd med det TA-gjengen har fått til. Vi skulle gjerne hatt med oss Mellingen som redaktør vidare, men har full respekt for det valet han no gjer, seier styreleiar Jan Arild Tveten.

(©NPK)