Opplegget som Kvitsundlærarane har laga blir no brukt over heile landet
Riksteaterets mål er å auke kunnskapen i bygdene. Med det nye undervisningsopplegget får elevar i vidaregåande skule meir utbytte frå den nyleg lanserte framsyninga «Stormfulle høyder».
I starten av mars sette Riksteateret opp framsyninga «Stormfulle høyder» på Granvin kulturhus i Seljord. Teaterstykket er basert på boka med det same namnet, av Emily Brontë.
Vil bli brukt over heile landet
Helge Rekdal i Riksteateret kan fortelje at dei no etter eit lengre samarbeid med Kvitsund gymnas har fått produsert eit pedagogisk opplegg til teaterframsyninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Opplegget vil bli brukt av skuleklassar over heile landet, fortel Rekdal.
Det er Oddvar Hægeland og Hege Ravdal, båe lærarar på Kvitsund, som har laga dette opplegget. Hægeland fortel at det har vore undervisningsopplegg til andre framsyningar, men at det dei har laga nå er litt annleis.
– Oppgåvene me har laga er mindre spesifikke og omfattande. Me ville at dei skulle vere enklare og meir kreative, seier lærarane.
Utfordrande framsyning
Stormfulle høyder handlar om det komplekse forholdet mellom Cathy og Heathcliff, som veks opp saman på garden Wuthering Heights. Når Cathy giftar seg med Edgar Linton, blir Heathcliff såra og forvist. Teaterstykket rører tema som kjærleik, begjær, hemn og øydelegging.
Blant dei 142 tilskodarane i Granvin tysdag 3. mars var elevar frå Kvitsund, som brukte undervisningsopplegget til stykket både før og etter teateroppvisninga.
Før framsyninga jobba elevane med tema som blei tatt opp i framsyninga, til døme svik. Det gjorde dei ved å lage ein kortfilm som illustrerte dette. Etter framsyninga spelte alle elevane inn ein video på 30 sekundar der dei fortalte kva framsyninga betydde for dei. Nokon jobba òg med kreative oppgåver som å framføre ein song eller teikne eit bilete med same bodskap som i framsyninga.
Engasjert og gripen
Geir Jensen er dagleg leiar for Granvin kulturhus. Han synest Stormfulle høyder var både utfordrande og spannande. Jensen trur framsyninga var provoserande for mange, men blei sjølv engasjert.
– Det er lenge sidan eg blei så engasjert og gripen av eit teaterstykke frå Riksteatret, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hægeland var veldig nøgd med framsyninga til Riksteateret.
– Eg trur både me og elevane som har jobba med undervisningsopplegget fekk eit større utbytte av framsyninga.
«Kunnskapsauke i bygd og by»
Det var akkurat det Rekdal håpa ville skje.
– Når me no kan tilby eit pedagogisk opplegg får tilskodarane maksimalt utbytte, seier han.
Rekdal viser til ein formålsparagraf frå 1948 som seier at Riksteateret skal vise og auke kunnskapen om dramatisk kunst i bygd og by. Han meiner at prosjektet med å lage eit pedagogisk opplegg er ein god måte å auke kunnskapen på.
Rekdal kan òg fortelje at dei i fleire år har hatt eit billettfond finansiert av mellom anna Sparebankstiftinga. Kvitsund har søkt til billettfondet mange gonger og har blitt lagt merke til. Oddvar Hægeland fortel at han alt for fem år sidan hadde eit møte med Riksteateret og Granvin kulturhus og er glad for samarbeidet dei har hatt tidlegare, og no i utforminga av opplegget.
Blir det aktuelt å gjere det same igjen?
– Viss eg får spørsmål så svarar eg ja. Slike opplegg kan eg bruke i undervisninga sjølv, og det har vore ei glede å få jobbe med flinke folk i Riksteateret – utøvarar, fotografar og grafiske designarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sel færre billettar
Jensen kan elles fortelje at det er vanskelegare å få seld billettar til teater og andre kulturarrangement no enn før pandemien.
– Me har fått stor konkurranse frå alle strøymetilboda som har blomstra opp dei siste åra, seier kulturhusleiaren.
VTB informerer
Journalisten som har skrive saka er elev på Kvitsund gymnas.