Klipte snora: Ordførar Jon Rikard Kleven klipte snora på det nye kafébygget. Det har kosta om lag 3 millionar, finansiert av arva etter Liv Hovden, bidrag frå Vinje kommune og DnB Sparebankstiftinga.

Opna nybygg og utstillingar på museet

Nær 200 personar gjesta Øyfjelldagen laurdag 25. juni, og fekk med seg opning av to nye bygg og to nye utstillingar på bygdemuseet.

Vêret var fint, feitegrauten var god, alle fekk kake og Aasmund Nordstoga heldt ein livleg konsert saman med Åsmund Reistad.

Dessutan vart det sagt mange gode ord, og Torgunn Byggland heldt festtale til ære for Støttelaget som fyller 30 år og derfor vert heidra med jubileumsutstilling på Øyfjell bygdemuseum i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Festtale: Torgunn Byggland har stått på for museet gjennom mange år. På Øyfjelldagen 2022 heldt ho festtale for Støttelaget for Øyfjell Bygdemuseum, som ho i si tid var med på å stifte.
Utstilling: Nina Mo bur i Langesund, men har røter i Øyfjell. Ho stiller ut måleria sine i det nyoppsette fjoset, og var godt fornøgd med å ha selt 10 bilete på Øyfjelldagen.
Støttelaget 30 år, festtale

Kjære alle saman.

Fyrst må eg takke for æra. Eg takka ja med skrekkblanda fryd

til å seia nokre ord til Støttelaget og den frammøtte festlyd.

Tenk at Støttelaget er 30 år!

Det er rekna som ein mannsalder, det, så vidt eg forstår.

Og frå dagen då museet fekk sitt støttelag,

har det vore til hjelp og gjort arbeid av så mange slag.

Eg var med i den spede starten då styre og føresegner blei samansette,

så då er det nok slik at det eg vil seia i dag er mykje farga av dette.

Og for ein amatør som eg er det å bruke naudrim lov,

så kanskje dei dukkar opp snart, om eg får eit behov.

Opptakten til Støttelaget var eit bygdemøte..(der møtte ikkje veldig mange)

Men Øystein Kostveit var der og meinte at eit støttelag for museet kunne

me få opp å gange.

Så i slutten av april i 1992 hadde me møte for fyrste gong,

og desse var med i styret i lagets 1. sesong:

Mari Rorgemoen, Gudny Lid Unhjem, Inger Breiseth, Sindre Hestdalen, Anne Karin Rorgemoen, Karin Drivarbekk og eg.

Ei medlemsverving til Støttelaget skulle gje klingande mynt i kassa,

og 83 medlemmer slo til med kontingenten på kr. 40,-,

det var summen me syns passa.

Utflutte øyfjellingar, hyttefolk, slekt og vener fekk giro med bøn om støtte til laget,

men medlemstalet auka nok ikkje, -det var bare å beklage.

Eit samarbeid med museumsstyret måtte til, det var heilt klart.

At dei var glade for å få litt hjelp var no slettes ikkje så rart.

Me skulle, som namnet seier, støtte museumsstyret i Øyfjell.

Få til litt aktivitet, tenkte me, vise fram museet då vel.

Så Støttelaget gauv på med idear og pågangsmot og planar.

Kor mykje dei hårute måla drog med seg av arbeid er det nok ingen som anar.

Og her er eg nettopp ved det eg har tenkt å rø om i dag:

Dugnad, - dugnadsbygdi Øyfjell, det = aktivitetar av mest alle slag.

Av og til høyrer me kommentarar om at «i Øyfjell får dei det til»

Ja vel, fint å bli lagt merke til slik, - men det er vel fordi me VIL?!!

Me vil ha aktivitetar og møteplassar for store og små.

Men ingenting, INGEN TING gjer seg sjølv, og det kan me hugse på

kvar gong me er på eit møte, arrangement, stort eller lite lag,

så har nokon førebudd dette, det har vore i gang eit dugnadslag.

Ja, om det så ”bare”er eit bord og nokre stolar - og kanskje ein kaffikopp

har nokon faktisk ordna dette, - dei har rett og slett stilt opp.

Men skjer det noko i Øyfjell, då, - så langt ifrå folkeskikken?

Det er uråd å nemne alle, men bygdi er vel reine aktivitetsfabrikken

knytt til barnehage, skule, grendehus, bedehus, skyttarlag og fleire

avleggjarar ut frå desse.

Og mange kjem langvegs frå for å vera med på ein aktivitet med Øyfjell-adresse.

Så er det Frivillighetens år no i 2022,

og kvar og ein blir minnt litt på kva me kan gjera no.

Det trengst alltid ei hand til nytte og hyggje og hjelp ein stad nokså nær,

og kva som kan ytast av innsats må vera opp til kvar og ein især.

Men frivilligheten tek opp i seg dugnadstråden, det er innsats til felles beste.

Inne i det er me sosiale og jobbar på lag, og det likar dei aller fleste.

Frivillighetens år, - det skal ikkje vera eit åk, då er det lite å vinne.

Men nokon som treng ei handsrekning iblant er nok enkelt å finne.

Så attende til Støttelaget; litt ekstra omtale må jubilanten få.

Ein ting er alle bygningane som me rundt på området kan sjå.

I starten var her ’kje mange, dei har kome til etter kvart,

Og dei fleste har vel betydd: no blir her meir dugnad snart.

For meg er nok Mostaulstoga spesiell, - når det gjeld dugnadstimar her

kjem nok den på topp.

Når den skulle pussast opp og innreiast stilte mange bygdefolk opp.

Der var lag på lag med måling, og me skrapa, skrapa alt me makta

Og måla på nytt med så nær originalfargen me kunne, det er dei klare fakta.

Og ute hekk folk i stigar og stillas og måla både blått og kvitt.

Over 800 dugnadstimar loggført eine året, — det seier vel sitt.!

På ivistoga, der kan de sjå ein spesialitet.

Det er einaste rommet i museumssamanheng i Vest-Telemark som har tapet!

Spesialbestilt tapet, kopi av den gamle som var der før,

og Støttelaget ytte kroner til slikt feiande flott interiør.

Men kven hadde lenge enklaste jobben med å halde hjula i gang?

Jau, det var nok valkomiteen i Støttelaget, - den ringjelista var ikkje lang.

For alle i styret tok attval år etter år etter år

fordi det var eit triveleg lag å vera i, - det trur eg alle forstår.

Og Gudny har halde ut i alle desse 30 åra, ho har vore med på mest alt.

Ho har halde styr på pengesekken, på inntekter og det som må bli betalt.

Monterer og jord og planter og plankar og målingsspann,

og mangt av utstyr elles, - det var Støttelaget som pengane fann.

Så var det Lid-rom og Liv Hovden- rom, då måtte magasinet gjerast klart,

Og tusentals ting skulle flytjast på, - til lager i Eidsborg gjekk turen snart.

Inn i staden trongs det hyller og monterer, så me for til IKEA og handla,

og fekk det på plass i Liv Hovden — rommet så det blei heilt som forvandla.

Og elles, - dei fyrste utstillingane, me stila høgt og gauv på alt med humør.

Heldigvis var der gode krefter i Støttelaget som hadde laga utstilling før.

Til utstillingane om Juvekongen, Johanna Bugge Berge og Vevarlaget blei

det gjeve ut eigne hefte.

Med til dels veldig optimistiske opplag, det var vel ikkje heilt blinken me trefte.

Men Juveslekti og Sjavils-Bergit og alt det blei nøye studera

på ættetreet som Inger teikna, - der er mange øyfjellingar inkludera.

Det gjekk slag -i -slag med utstillingar med ulike tema kvar gong.

Og i år er det mimreutstilling som visar litt frå kvar sesong.

Springe i myrar og samle husmose, koke feitegraut og kaffi,

skrive søknadar hit og dit, få ut info på nettet, det er mangt som må klaffe.

I starten køyrde me ut museumsplakatar i heile vest-fylket mest.

Men no er det info og fotografi på Facebook som heilt sikkert virkar best.

Tidene endrar seg, og arbeidsoppgåvene delvis med det,

men endå er det no mangt som ikkje nettet rår med.

Praktisk arbeid, - det er oppgåver i fleng,

så ingen må tru at det ikkje er bruk for ein solid dugnadsgjeng.

Så mangt eit bygdelag — eller bydel — må ty til dugnad iblant

på leikeplassen, til rydding og måling, der er oppgåver på kvar kant.

Og heilt sikkert er det slik både her og på så mang ein plass

at det er stort sett ”den harde kjerne” som alltid er der og dreg tyngste lass.

For alle er ikkje på dugnad, og kanskje veks denne tanken seg stor:

Huttetu, gratispassasjerar som alltid kjem til duk og dekka bord.

Grunnane kan vera så mange, vondt i viljen er nok ikkje heile svaret.

For alle har kvart sitt interessefelt, - slik er det bare.

Å betale ein medlemskontingent er også ei form for dugnad.

Då blir det litt kroner å drive for, som kan bli fleire til hugnad.

(eg trur sikkert at nye støttelagsmedlemmer er velkomne i denne dag!)

Betalande medlemmer er gode som gull.

Dei syter for at kontoen blir litt meir full.

Så kan Støttelaget stelle til aktivitetar her som fenger,

eller forbetre ting ute og inne med slikt som må kjøpast for pengar.

Slik blei her benkar og bord på tunet, og takke og vaffeljern,

og slik kom her sirkusartistar og spelemenn frå nær og fjern.

Støttelaget og Øyfjell- dagen høyrer saman som pipar og salt.

Kvar sommar sin Øyfjell -dag, - kort fortalt.

Og denne dagen er mest synonymt med feitegraut, kaffi og kling.

Ja, some kom mest bare for grauten, - det andre betydde ingen ting.

Men underhaldningskrefter blei henta frå fjern og nær

for å trekkje folk til museet, til den møteplassen som er her.

Det har vore vurdering av gamle gjenstandar, her har vore leikar og mattradisjonar,

og gamle handverksteknikkar har blitt presentert gjennom ulike demonstrasjonar.

Ofte er det meir stas å vera med på ting som skjer langt unna

enn å stø det lokale. Å stø betre opp lokalt hadde nok fleire enn eg kunna.

Her er møteplassar nok heilt nær oss i grannelaget.

Her er gåturar, trening og øving, utstilling,. ja, mangt vil me nok oppdage

om me tek oss bryet med å finne fram til det.

Og så tek me ut litt lenger iblant, det er ingenting gale med det.

Me treng då nye impulsar og inntrykk frå andre stad,

og der finn me kanskje noko godt stoff som me kan nytte oss av.

Når me ser rundt oss her i dag, både ute og inne.

alle stad er det spor etter dugnad å finne.

Her har det blive vaska og rydda og planta og stelt

og rigga i stand til programmet, og koka og baka til denne dagen spesielt.

Museet her fortel mykje om bygdehistorie og kultur,

Og møteplassen her er kanskje viktigare enn me trur.

Men:kor ofte er me innom her i løpet av ein sesong?

Sjølv skjems eg når nokon spør, så kanskje skal eg — eller me — taka turen ein ekstra gong?

Taka tid til å sjå litt ekstra på alt som har kome i stand

fordi Støttelaget og andre i mange veker har vore i gang.

Til lykke med dagen til Støttelaget, takk for utført arbeid og planar.

De trengst på museet, og i bygdi. De betyr nok langt meir enn de anar.

God museumssommar!