Olav Taraldlien

Turen til Fyresdal starta med eit besøk på garden Taraldlien. Dette var i mars 1970. Me hadde gjort avtale med Olav Taraldlien som då var agent for Livsforsikringsselskapet Idun. Han hadde hatt samarbeid med distriktssjef Einar Gran gjennom mange år. Einar Gran var nå pensjonist i Idun og skulle ta farvel med Olav. Samtidig skulle underskrivne helse på Olav for fyrste gong og gjera avtale om vidare samarbeid. Eg var nyleg tilsett som distriktssjef i selskapet og skulle vidareføre den kontakten og besøke dei agentane som Einar Gran hadde jobba med i 24 år. Besøket hjå Olav Taraldlien var veldig hyggeleg og me vart fort einige om vidare besøk og samarbeid.

Øvre Telemark - distriktet eg skulle jobbe i - var den gongen 13 kommunar - der byane Notodden og Rjukan var med. Eg skulle samarbeide med 43 agentar i dette området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at me hadde teke farvel med Olav Taraldlien var oppdraget i Fyresdal gjennomført. Eg hadde med meg 3 mann i bilen; det var distriktssjef Einar Gran, sonesjef Nicolai Thorsen frå Tønsberg og organisasjonssjef Bjørn Hauger frå Oslo. Det viste seg at Bjørn Hauger var gift med syster til kona av dr.Johannes Kjøs i Fyresdal. Han ville derfor bortom kontoret til dr. Kjøs for å helse på. Eg fekk oppdraget med å gå inn på venterommet og kontoret for å høyre om det var mogleg å treffe dr. Kjøs. Eg trefte på Margit Wæthing som jobba der og bar fram ærendet mitt. Når dr. Kjøs høyrde at Bjørn Hauger var utanfor, var beskjeden klar; me måtte alle koma inn til kaffe. Dr. Kjøs fyra straks opp på peisen og Margit Wæthing koka kaffe og smurde smørbrød. Me åt og kosa oss både vel og lenge. Eg ymta frampå at det sat mange pasientar på venterommet. Men dr. Kjøs kjente sjølsagt sine pasientar og var ikkje bekymra for om dei venta litt ekstra denne dagen. Me takka for maten og den hyggelege praten og starta turen attende til Seljord. Der budde Einar Gran og der hadde Nicolai Thorsen og Bjørn Hauge bilane sine.

Om lag ein månad etter mitt fyrste besøk hjå Olav Taraldlien hadde me kontakt med kvarandre på telefon og gjorde avtale om eit kundebesøk. Olav hadde hadde hatt samtale med eit ungt par i bygda som gjerne ville ha besøk og gjera avtale om forsikring. Eg henta Olav på Taraldlien og me køyrde for å besøkte dette paret. Me fekk servera kaffe og kake og hadde ei hyggeleg samtale med desse to. Forsikringsavtalen vart skriven og vart sett i kraft same kveld. Det betydde at me skreiv ei interimsavtale og at ein del av årspremien vart betala kontant. Me tok farvel med dette unge paret og eg køyrde Olav heimatt til Taraldlien.

Familien og eg budde på Dalen i denne tida og eg skulle vidare på kundebesøk i Treungen neste dag. Derfor vart det overnatting på Turistheimen i bygda til neste dag. Eg fekk værelse nr.10. Det kosta kr.25,- og frokost neste dag kr.10,-. Beløpet kr.35,. vart betala kontant den 8. april 1970.

I åri etter dette fyrste besøket hjå Olav Taraldlien var eg jamleg på kundebesøk i samarbeid med han. Ein gong spurde han om eg kunne koma i kundebesøk på ein sundag. Dette fordi ektemannen i familien var borte på arbeid og det passa best slik. Eg svara sjølvsagt ja. Dette var om sumaren og det var sol og varmt. Eg tok det derfor som ein sundagstur - Tjodvor og ungane Marit og Sverre var med. Bord og stolar vart stabla i bilen - pluss godt med mat og drikke. Me fann ein fin plass ved elvi som renn gjennom bygdi. Der fekk familien kose seg mens Olav og eg besøkte denne familien og fekk ordna med forsikringsavtale. Etterpå var Olav med meg til rasteplassen ved elva der Tjodvor og ungane var. Når me kom hadde Tjodvor gjort klart med kaffe og påsmurt og det vart ei hyggeleg kosestund denne sungagsettermiddagen.

Me jobba godt saman i mange år, men på seinhausten 1979 vart Olav sjuk. Han vart innlagt på Sentralsjukehuset i Skien. Olav ringte til meg ein dag og spurde om eg kunne koma på besøk til han. Han ba meg om å taka med ein ting - og det var ein oversiktskalender - slik at han kunne krysse av og fylgje med på dagane han låg der. Det skulle vise seg å vera den siste gongen me snakka med kvarandre. Diverre vart ikkje Olav frisk og han døydde på sjukehuset i slutten av november 1979. Olav Taraldlien vart gravlagt ved Moland kyrkje i Fyresdal den 1. desember 1979 - 70 år gamal. Kyrkja var full med familie og vener som tok eit siste farvel med Olav. Eg hadde med ein bårebukett med teksten; Takk for samarbeidet - frå Livsforsikringsselskapet Idun.

Mange gode minner etter Olav Taraldlien.

Arvid Aslak Syftestad

Garden: Taraldlien.