Observerte openlys drikking utanfor matkvartalet

– Det blei straks sett i verk tiltak, kjem det fram i eit notat til Seljord kommune etter observasjon av øldrikking utanfor matkvartalet på Dyrsku’n.

Seljord kommune gav i vår løyve til sal av øl og sider på Dyrsku’n. I samband med det nye tilbodet gjorde Richard Vaaben Jensen, konsulent for Seljord kommune, nokre observasjonar. Observasjonane blei gjort dyrskulaurdagen i tidsrommet 13.00–16.00.

Vaaben Jensen kommenterer i eit notat til kommunen at det ved borda rundt matkvartalet (ikkje i skjenkeområdet) sat fleire personar med opne ølboksar kjøpt på standen til Røros bryggeri. Han såg ingen informasjonsskilt om at ein ikkje kunne drikke alkohol inne på plassen. Det blei også notert at prisen var monaleg lågare enn det kostar på nettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg sendte ein sms til Dyrsku’n Arrangement om openlys drikking utanfor matkvartalet. Tiltak blei straks sett i verk. Eg observerte ingen upassande oppførsel frå personar som konsumerte alkoholhaldig drikk utanfor skjenkeområdet», skriv Vaaben Jensen i notatet.

Les også
Blei åtvara mot å endre alkoholreglane. – Det får meg til å stille spørsmål om saksbehandlaren nokosinne har vore på Dyrsku'n