Ny bok med Telemarks folkloristisk stemme

I eit par år har kunstnaren Knut Nesse og folkloristen Dag Aanderaa arbeidd med eit bokprosjekt. I september kjem det bok.

Når det gjeld folkeminne, er Telemark eit av Noregs mest interessante område. Her har Andreas Faye, Olea Crøger, M.B. Landstad, Moltke Moe, Rikard Berge og mange fleire samla og skrive ned eventyr, segner og folkeviser og gjort Telemark til landets folkloristiske hovudområde. Tverrsnittet av dette stoffet blir no samla i ei kunstbok som skal syne fylkets mentalitetshistorie.

I september kjem boka «Attende til røtene – Skrivne stubbar og teikna rotfantar frå Telemark» ut på Kolofon forlag. Kunstnaren Knut M. Nesse frå Lunde har hatt ideen og teikna røter i alle variantar til 50 tekster som folkloristen Dag Aanderaa frå Flatdal har leita fram frå gamle folkeminneskrifter. Tekstane er stutte segner, eventyr, balladar, folkeviser og svarteboksoppskrifter knytta til 50 stader i Telemark. Relasjonen til desse stadene er at oppskrifta anten har hending frå området eller at teksten er funnen og nedskriven nettopp der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boka vil syne ukjente sider ved Telemarks folkloristiske stemme. Mellom anna er det grunn til å nemne at Noregs eldste svartebok (frå 1520) er funnen i Vinje, og kunstboka har med ei oppskrift frå denne. Det handlar om å få viljen sin med ei naken kvinne. Vidare er det nedskrive mange eventyr frå Telemark, og somme av dei er erotiske. I «Attende til røtene» blir eit av dei presenterte, men med kvinneleg informant og ei kvinne som handlande hovudperson.

Mange av segnene i den nye boka syner ei forklaring på naturformasjonar og overnaturlege fenomen. I eldre tid var dei ikkje opptekne av om dette var sant eller ikkje. Det viktige var at forklaringane var gyldige; altså at dei gav grunnlag for å forstå omverda.