Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad tok for seg eit knippe av Hartvig Kirans nynorskoversettingar av gamle amerikanske folkeviser – med «Tom Duley» i spissen. Foto: Gudrun Kristine Semons

Nordstoga og Reistad gir «Tom Duley» nytt liv på nynorsk

Aasmund Nordstoga har ein noko skjult sans for makabre visetekstar. Det kjem godt med når han syng evige «Tom Duley».

Den har mange har klunka seg gjennom via Lillebjørn Nilsens klassiske gitarbok – inklusive Åsmund Reistad, som har spelt gitar med Aasmund Nordstoga i 25 år.

– Eg lærte å spele gitar etter Lillebjørns gitarbok, og hugsar godt Tom Duley. Sidan dette er forholdsvis enkel vise står den nesten først i boka, dermed er det også ei av visene eg spelte mykje, seier Reistad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så var det berre to akkordar å ta omsyn til, ifølgje Nordstoga:

– Me mistenkjer at mange konsentrerte seg sopass om gitarspelet, at den dramatiske historia i visa kom heilt i skuggen.

Hakesleppfaktor

For den amerikanske folkemusikklassikaren handlar faktisk om ein mann som er dømd til døden for drapet på jenta han var forelska i. Han vart hengd – og historia skal ha det til at han sjølv dikta visa medan han vart frakta til avrettinga saman med si eiga kiste.

– Mange har nok også sunge «Tom Dooley» på engelsk, og aldri reflektert over teksten. Hakesleppfaktoren har nok vore stor for mange i møtet med den norske versjonen, trur Aasmund Nordstoga.

Det er Hartvig Kirans 1962-gjendiktingar på nynorsk av ei rekkje slike amerikanske klassikarar som Nordstoga og Reistad har teke fram på den februarferske utgivinga si «Tom Duley og andre viser».

Sans for det makabre

Nordstoga skildrar Kiran som «ein framifrå omsetjar som dessutan var ein habil visesongar», og meiner songane har stått seg over tid.

– Tekstane trefte meg fyrst, fordi det er dei eg ser på når eg sit og blar i ei visebok. Sjølv om visene opphaveleg er på engelsk, har Kiran omset dei på eit vis som gjer dei lett attkjennelege og relevante også på norsk. Så må eg vedgå at eg har sans for dei litt makabre visene, med stort drama.

Hovudgrunnen trur Nordstoga er fordi dei ofte har ein nydeleg melodi, i skarp kontrast til tekstinnhaldet. Mange av desse visene vart brukte av artistar under visebølgja på 1970-talet – anten det var av Lillebjørn Nilsen sjølv, eller Hege Tunaal, Ivar Medaas, Kari Svendsen og Lars Klevstrand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv møtte han på viseboka til Hartvig Kiran under oppveksten, for foreldra er veldig glade i desse visene, som også fanst i platesamlinga deira.

– Så for meg er det å ta opp eit barndomsminne.

Urørt sidan visebølgja

På albumet er det viser som mellom anna «Brunkebekken», «Mass måltrost», «John Henry», «Kaptein Kidd», «Seksten tonn», «Kom alle fagre tandre terner» og altså «Tom Duley» å høyre.

– Sidan tida til visebølgja har dette stoffet, så vidt vi veit, stort sett lege urørt. Vi synest det er flott å børste støvet av gamle viser og gi dei nytt liv, seier Åsmund Reistad.

Dei fann mange flotte melodiar i Kirans bok som det var inspirerande å lage eigne versjonar av. Sjølve tittellåten prøvde dei å formidle med «fortvilinga, angeren og galskapen» som ligg i teksten.

Mange av songane kom opphavleg frå Europa, og vart ført over Atlanteren med immigrantar. Nokon er svært gamle, som sjørøvarvisa «Kaptein Kidd» der melodien kan følgjast tilbake til 1500-talets Skottland. Nordstoga og Reistad meiner dei er gode døme på korleis impulsar frå Europa har forma det som vi i dag kjenner som amerikansk popkultur.

Første duoplate

På originalspråket vart dei spelt inn av Elvis, The Kingston Trio, Donnie Lonegan, Tennessee Ernie Ford. No får dei nytt liv gjennom to gode venners personlege tolkingar.

«Tom Duley og andre viser» er første gong Nordstoga og Reistad gjer ei duoplate – trass i eit 25 år langt musikalsk samarbeid som starta då dei song i same kor, Schola Cantorum, då dei studerte musikk på Universitetet i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan var dei i ein folkemusikktrio, og sidan Nordstoga gjorde solodebuten sin i 2009 har gitaristen vore med i bandet hans «som ein særs viktig del», ifølgje sistnemnde.

– Tanken på å gjere eit duoalbum har nok lege i bakhovudet ei stund, men det var først under pandemien, då vi hadde god tid, at vi kom opp med ideen til «Tom Duley og andre viser», seier Reistad.

Ut på tur i mai

Den lange vennskapen – og samarbeidet – gir ringverknader.

– Musikalsk har me utvikla eit sams temperament, lyd det frå Aasmund Nordstoga, medan Åsmund Reistad utdjupar at mange av dei musikalske løysingane blir til ved ordlaus kommunikasjon, der den eine intuitivt skjønar kvar den andre vil.

– På scena stolar vi veldig på kvarandre. I pratinga mellom songane er det lett å hive seg utpå og ta litt sjansar, for ein veit alltid at den andre følgjer opp. Det gir friske sceneshow og dertil gode konsertopplevingar for publikum.

No gler dei seg til ein ny turné med desse visene i mai.

– Å reise på turné er det beste som finst. Det å stå på ei scene og spele for folk er veldig inspirerande, og det er i møte med folk at det musikalske stoffet finn si endelege form, seier Reistad. Og snakkar varmt om små bygder som arrangerer eigne festivalar, låvar gjort om til konsertlokale og idealistar med hjartet utanpå brystet og sterkt engasjement.

(©NPK)