Nissedal har dei ivrigaste lesarane
Nissedal har flest ivrige lesarar i årets digitale lesekampanje Sommarles.
Med ei imponerande deltaking på 68,8 prosent, ligg Nissedal klart på toppen i Telemark, melder Telemark fylkeskommune i ei pressmelding. Kampanjen, som gjekk frå 1. juni til 31. august, har engasjert barn i 1. til 7. klasse til å lese mest mogleg gjennom sommaren.
Biblioteket i Nissedal har vore avgjerande for suksessen, med lokale tiltak som skulebesøk, flotte utstillingar, og arrangement som har inspirert barna til å lese. Resultatet er ekstra oppløftande i ei tid då undersøkingar viser at barn les mindre enn før.
Artikkelen held fram under annonsen.
Totalt har barn i Telemark lese over 71 000 bøker og 7 millionar sider. Lesekampanjen kjem tilbake i juni 2025.
Mest lesne bøker
Dei mest lesne bøkene er Nordlys-serien av Malin Falch, Edelmot av Victor Sotberg og Odin Helgheim, Bukkene Bruse på badeland av Bjørn Rørvik, Hundemannen-serien av Dav Pilkey, Amuletten-serien av Kazu Kibuishi, Krypto-serien av Hans-Jørgen Sandnes og Kokkosbananas lydbøkene.
Kjelde: Telemark fylkeskommune