Sentrale: Sentrale personar i arbeidet med Botnedalsdøra og Neslandportalen. Frå v. Ingrid og Gunnar Grøstad Johnson, Tokke Historielag, smeden Steven Carpenter, treskjerarane Thom Kelly og Amund Flaten Svisdal, direktør ved Vest-Telemark Museum, Dag Rorgemoen, og Anders Kvåle Rue, teiknar og illustratør.

Neslandportalen: Ein dåm av mellomalder

Under familiedagen ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg, vart Neslandportalen avduka. Den staselege kyrkjedøra frå Botnedalen kjem dermed enda meir til sin rett.

Det var i 2019 at Tokke Historielag drog det heile i gang med rekonstruksjon av kyrkjedøra frå Botnedalen. Men noko mangla. Før vi opnar døra til ei stavkyrkje, blir vi nemleg møtt av ein portal.

Særmerkt og vakker heilskap

Då var teiknar og illustratør Anders Kvåle Rue frå Flatdal god å ha. Med sin store kunnskap om vikingtid og mellomalder har han studert mange kyrkjeportalar, og det var han som sette historielaget på sporet av Neslandportalen. Dessutan teikna og tolka han dei bibelske motiva som vart eit godt grunnlag for treskjerarane sitt arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvåle Rue seier at døra og portalen mest truleg er frå same område og same tid (1200-talet). Han ser heller ikkje bort frå at desse særmerkte mellomalderobjekta frå Vest-Telemark kan ha høyrt saman.

– Verkeleg stas at rekonstruksjonane er utført med så meisterleg handverk. Ei dør utan portal og ein portal utan dør har funne saman til ein naturleg og rik heilskap. Under avdukinga skapte dessutan musikken ei stemningsfull ramme. Ein dåm av mellomalder, seier Anders Kvåle Rue.

Vitne om fortida

Til stades var nemleg Ingrid Grøstad Johnson og ektemannen Gunnar, båe frå Tokke Historielag. Dei song Magnushymnen, det eldste stykke fleirstemmig musikk som er kjent i Norden. Ingrid var inderleg glad over å sjå døra med den vakre portalen. For henne har dessutan musikk og handverk mange likskapar.

– Når ein syng gamal musikk, er det som at spennet mellom da musikken vart til og dagen i dag, blir viska ut. Døra og portalen er også vitne om ei tid som vil seie oss noko. Så er det opp til oss å høyre etter, seier Ingrid Grøstad Johnson.

Avduking: Ingrid og Gunnar Grøstad Johnson framførte Magnushymnen under avdukinga av Neslandportalen.

Hjerleid på Dovre

Til stades i Vest-Telemark Museum var treskjerarane som har laga portalen.

Alle er elevar og lærlingar ved Hjerleid skule- og handverkssenter på Dovre. Læremeister og ansvarleg for treskjeringa, Even Slette Hansen, hadde også teke turen saman med rektor på Hjerleid, Helle Hundevadt. Ifylgje Ingrid Grøstad Johnson og Anders Kvåle Rue heldt dei ein god presentasjon av arbeidet som er gjort.

Treskjerarane studerte mellom anna Neslandportalen i Kulturhistorisk museum. Vikingskipsmuseet si 3D-skanning var også til god hjelp.

Andre viktige ressursar:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Anders Kvåle Rue sine teikningar. – Den tidlegare Hjerleid-eleven Kristine Ødeby Haugan si masteroppgåve i arkeologi. – Lara Domenighetti, treskjerar frå Italia med vidareutdanning frå London.

Rektor Hundevadt var svært takksam for oppdraget, der Vest-Telemark museum har vore med å fullføre prosjektet.

– Slike arbeid gjer at vi kan sikre rekrutteringa til det verneverdige faget treskjering. Dette har vore lærerikt, spennande og utfordrande, sa Hundevadt.

Ho takka også Sparebankstiftelsen DNB. Gjennom Håndverksløftet gjev dei midlar slik at ein kan ta vare på og vidareutvikle kunnskapen om tradisjonelt handverk. Prosjektleiar i stiftinga, Tuva Løkse, seier at det ville vere for gale om denne kunnskapen gjekk tapt.

– Vi håper difor at vår støtte bidreg til å styrke rekrutteringa. Sidan synleggjering er viktig, er det midt i blinken at portalen og døra er flyttbare, seier Løkse.

Videoen er laga av Even Slette Hansen.

Sterke band

Rekonstruksjonen av Neslandportalen har altså skjedd mykje takka vere samarbeidet mellom Hjerleid på Dovre og eit aktivt miljø i Telemark. Det er verdt å merke seg at dei som laga Botnedalsdøra, også har eit forhold til Hjerleid. Smeden Steven Carpenter frå Kongsberg har fleire gongar vore gjestelærar i bygda nord i Gudbrandsdalen. Der gjekk han også til topps i meisterklassa under NM i smiing i fjor. Då den andre smeden, Johannes Barstad frå Flatdal, var elev på Hjerleid for fire år sidan, sa han dette til Vest-Telemark Blad:

– Sidan ordentleg handverk varar i generasjonar, er det ekstra viktig at vi tek vare på denne kunnskapen. Handverkaren og kunstnaren gjev produkta sjel. Ein fabrikk maktar ikkje det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men utvekslinga stoppar ikkje der. Håkon Fjågesund frå Seljord som gjorde trearbeidet til Botnedalsdøra, har også vore innom Hjerleid. Då han studerte «Utøvande, tradisjonelt bygghandverk» ved NTNU i Trondheim, hadde han fire vekers praksis på Dovre. Der fekk han sin laftedebut under bygging av ein paviljong til Vinter-OL for ungdom på Lillehammer i 2016.

Viktige: Frå v. smeden Johannes Barstad frå Flatdal, fagansvarleg Even Slette Hansen og treskjerarlærling Thom Kelly, båe frå Hjerleid på Dovre.
Skjer: Med utgangspunkt i Anders Kvåle Rue sine teikningar skar lærling Thom Kelly vangane til Neslandportalen.
Blanding: Før Neslandportalen vart montert, påførte Thom Kelly ei 50/50 blanding av tjære og rå linolje.