Går solo: Torfinn McKenzie Juva frå Treungen kjem i desse dagar ut med sin fyrste singel som soloartist «Grow older». Neste singel kjem alt 1. desember.

Nå satsar Torfinn som soloartist. – Den største draumen er å reise på turné i utlandet

Om få dagar slepper Torfinn McKenzie Juva sin fyrste singel som soloartist. Ambisjonane for musikkarrieren er store, og kjærleiken til musikk fekk han alt som liten gut heime i Treungen.

– Eg er veldig spent på å debutere med mitt artistprosjekt, «Torfinn McKenzie», på fredag 27. oktober. Prosjektet er ein blanding av singer/songwriter, folk og pop og eg har latt meg inspirere av artistar som Bon Iver, John Mayer, Noah Kahan og Thomas Dybdahl, fortel McKenzie Juva til VTB.

Han er nå 24 år, og studerer siste år på masterprogrammet i Rytmisk musikk ved Universitetet i Agder. Han jobbar også som musikklærar hos Sound of Happiness og ved Kristiansand Kulturskole (KNUDEN). Det er litt over tre år sidan han saman med bandet Carpool debuterte med singelen «Kid». Etter fleire år i band, er han nå klar for å satse solo, og i desse dagar kjem den fyrste singelen som har namnet «Grow older».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har lenge vore ein draum å debutere som soloartist, og eg kan endeleg seie at draumen går i oppfylling. Eg har skrive songar og sunge i fleire år nå, og eg har mykje spennande materiale som kjem ut dei kommande månadane, seier McKenzie Juva.

Draumen om utlandet

Ambisjonane for musikkarrieren er store, og det er han stolt av.

Den unge artisten fortel at han har samarbeidd med Grammy-vinnar Steve Fallone på den kommande singelen.

– Han har tidlegare jobba med artistar som John Mayer og Bon Iver. Det blir spennande å sjå reaksjonane frå publikum når musikken min endeleg kjem ut, og eg har store planar for framtida.

Den neste singelen kjem 1. desember, og passar godt for sesongen då det er ei julelåt.

– Eg har også planar om å arrangere konsertar og spele på ulike stadar rundt om i Noreg. Men den største draumen er å reise på turné i utlandet, særleg i Storbritannia og USA, der eg trur det finst ein større marknad for musikken min.

Store planar: – Eg har også planar om å arrangere konsertar og spele på ulike stadar rundt om i Noreg. Men den største draumen er å reise på turné i utlandet, særleg i Storbritannia og USA, der eg trur det finst ein større marknad for musikken min.

Treungen har ein spesiell plass i hjartet

McKenzie Juva voks opp i ein musikalsk familie, og lærte tidleg å spele piano, og seinare gitar. Han budde i Treungen fram til han var 12-13 år, då han flytta til Kristiansand. Men han har ikkje gløymt Treungen.

– Det er viktig for meg å nemne staden eg voks opp og der min musikalske reise tok til som liten gut. Treungen vil alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt, ikkje berre fordi mine næraste venner og familie kjem derifrå, men også fordi det var der kjærleiken for musikk fyrst vart tent, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kjem ofte på besøk i feriane, men skulle gjerne hatt meir tid til å kome på besøk oftare.

– Eg ser for meg ei framtid der eg ein dag ender med å flytte tilbake, men det blir nok ikkje før eg er eldre. I mellomtida ønsker eg å vise kva ein ung mann på 24 år frå Treungen kan oppnå med musikken sin. Kven veit, kanskje eg spelar konsert der ein dag?