På flyttefot: Gapahuken som stod ved Langto tur- og aktivitetspark har nå blitt flytta, og Vrådal har fått eit nytt turtilbod; Austgardsnuten tur- og aktivitetspark.

Nå er gapahuken på plass på Austgardsnuten tur- og aktivitetspark

I fjor haust vart Langto tur- og aktivitetsområde i Vrådal opna, men då det vart oppdaga forureining i drikkevatnet i bygda vart området stengt i vår. Nå er gapahuken flytta, og Austgardsnuten tur- og aktivitetspark opna.

– Det vart ein litt strevsam start på turtilbodet som fyrst vart etablert ved Langto, fortel Vegard Snaunes som er frivillig og medlem av turlaget.

– Mykje bygdefolk har uttrykt støtte og ønskte at tilbodet skulle vere like bra på ein ny plass, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at før sommaren vart det i regi av Kviteseid kommune sett i gang ein flytteprosess av gapahuken og benkane som stod ved Langto. Snaunes ønsker å takke grunneigar Sveinung Kjellemo som har støtta tiltaket heile vegen, og har vore interessert i at området og gapahuken skal lukkast og bli ein samlingsplass for friluftsglade ungar.

Gjekk bra: Flyttinga av gapahuken til Austgardsnuten tur- og aktivitetspark var vellukka. Nå kan den som vil besøke gapahuken.

Det er mange som har lagt ned ein god dugnadsinnsats for at det nye tur- og aktivitetsparken nå kan opne.

– Olav J. Straand har vore ein slags «prosjektleiar», saman med broren Tor. Sjølve flyttinga gjorde me førre onsdag, me byrja klokka 17 og var ferdige klokka 21. Alt gjekk bra, takka vere dei gode førebuingane. Me har rydda slepe, grave, laga til ny plass og demontert gapahuken, for å nemne noko, fortel Snaunes.

Einar Søreide, leiar i Kviteseid turlag, er imponert over dugnadsinnsatsen for å lage det nye turtilbodet i Vrådal.

– Det var ein utruleg innsats av Vegard og dei andre ved fyrste runde, og då det vart ein runde til skulle ein kanskje tru at dei kjente seg ferdige. Men dei hadde meir energi og har gjort ein kjempejobb. Det er imponerande, rosar Søreide.

Gapahuken står nå på toppen av Austgardsnuten og alle som vil kan bruke den. Stien er den same som tidlegare, men den går ikkje innom Langto på grunn av høgdebassenget.

Dugnadsgjeng: Mange dugnadstimar ligg bak etableringa av Austgardsnuten tur- og aktivitetspark. Tov Sanden (f.v.), Tor Straand, Olav Straand og Arve Snaunes var med på flyttinga, andre har mellom anna rydda slepe.