Opna: Jon Rikard Kleven stod for opninga.

Nå er endeleg inngangsbrua på plass til kyrkja

Ordførar Jon Rikard Kleven stod for den høgtidelege opninga av den nye inngangsbrua inn til Vinje kyrkje sundag 7. mai.

Brua er berre eitt av tiltaka for å gjere Vinje kyrkje universelt utforma. Den nye tofløya inngangsdøra kan opnast elektrisk, med trykknapp i rullestolshøgde og merkt i blindeskrift. Høge tersklar er fjerna, og høgdeforskjellar på golvet i våpenhus og inne på kyrkjegolvet, er jamna ut, slik at til dømes rullestolbrukarar kan kome seg heilt fram til altaret ved eiga hjelp. Det er og gjort plass til rullestolar inne i kyrkja, ved at ein av benkane er fjerna, skriv Vinje kyrkjelege fellesråd.

Kravet om universell utforming har vore der lenge, men er med dette innfridd ved dei fleste kyrkjene i Vinje. Arkitekturen inne i Nesland, Grunge, Øyfjell og Møsstrond kyrkjer, med trapper opp til koret og altaret, er framleis uløyst hindring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seremonien på «opningsdagen» i Vinje kyrkje 7. mai, var etter messa. Kyrkjeverje Kjell Magne Grave takka alle som hadde bidrege til at brua er på plass, og dela ut fine blomebukettar til snikkar Sveinung Midtgarden og arkitektane Christian Scøberle og Ove Morten Berge. Villmarksbygg AS har vore hovudentreprenør.

Bispedømerådets representant Geir Myhre fortalde om den lange og snirklete prosessen fram til endeleg resultat, ein prosess som starta for meir enn 40 år sidan.