Plateprodusenten: Det fyrste bandet som Terje Welle Busk, som ifølgje musikkprodusenten verkeleg slo an, var Nystogs, så kom Sputnik og litt av kvart anna seinare.

Musikkprodusenten om pionerane frå Øvre Telemark. – Nystogs var den fyrste salssuksessen min

– Det var eit heilt spesielt fenomen, seier musikkprodusent Terje Welle Busk om Nystogs.

Publisert

Det er mange år sidan Terje Welle Busk inviterte musikarar frå heile Telemark til studioet han bygde i kjellaren heime på Herøya. Her fekk amatørmusikarar høve til å spele inn eigenkomponert musikk.

Han dreiv kasettstudio, og blei tipsa om medlemmene frå Vinje som kalla bandet for Nystogs. Busk fortel at han bad dei plukke ut tolv låtar, og kome på besøk.

– Me laga eit par tusen kassettar fyrste gongen, og det blei ein slager med ein gong – i alle fall i øvre del av Telemark.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS