Sigmund Groven (t.v.) og Knut Buen spelte inn tradisjonsmusikk så vel som eigne songar i maskinhallen på Vemork, kalla sjølve hjarta i Rjukan-Notodden Industriarv, som står på Unescos verdsarvliste. Foto: Rita Engedalen / NIA

Musikarheltar frå Telemark i sjeldan samspel

Dei to musikalske heltane frå Telemark, Sigmund Groven og Knut Buen, har spelt inn den første plata si saman – og tittelen vart «The Sound of Telemark».

Det gjorde dei i gamle Vemork kraftstasjon, no på Unescos verdsarvliste, som no husar Norsk Industriarbeidermuseum. Nærare bestemt i maskinhallen der dei under ein felles konsert for to år sidan vart så begeistra for akustikken at ideen om ei plateinnspeling dukka opp.

– Her var eit prosjekt vi kunne leggje sjela vår i. Det finst eit enormt tilfang med tradisjonsmusikk frå Telemark, både folketonar og slåttar, så det var berre å velje stoff som vi fann ut kunne fungere til vårt samspel, seier Sigmund Groven, den verdskjende munnspelutøvaren og komponisten.

Artikkelen held fram under annonsen.

På plata er det både tradisjonsmusikk, folketonar, slåttar og eigne låtar. Knut Buen skreiv òg fleire nye tekstar som vart tonesett. Songtolkinga tek ein tredje telemarking, sopranen og kvedaren Anne Gravir Klykken, seg av.

Sjølv samanliknar Buen, sjølv ein allsidig kunstnar og hardingfelespelemann, formidlinga av tonar og tekstar med Espen Oskeladd – som han seier på mange måtar «er eit forbilde og ein sentral figur i kulturell formidling».

– Han tok med seg impulsar frå innsiktsfulle hjelparar han trefte på og delte nista si med langs livsvegen. Han lét ikkje noko bli forbigått som kunne komme til nytte i framtida.

Ifølgje Buen ønskjer han og Groven å gi til beste gjenhøyr med gamle tonar og formidle noko samtidig, som ein naturleg del av det heile.

– Vi som speler og syng må gi lyd frå oss, som trekkfuglane om våren, om at stemmene våre er likeverdige og til stades som deler av samtidsmusikken, så vel med tradisjonelle som med nye tonar.

(©NPK)

Når to musikalske heltar frå Telemark for første gong har spelt inn plate saman, måtte tittelen bli «The Sound of Telemark». Sigmund Groven (t.v.) er ein verdkjend norsk munnspelutøvar og komponist, medan Knut Buen er hardinfelespelemann, rosemålar, komponist, diktar og kulturformidlar. Foto: Kristine Mathisen / NIA