Vokalist: Linnea Sanden er vokalist i jentebandet.

Musikalske møtestadar: – Det er viktig å gje elevane ein scene å stå på

– Me varma opp for Byting då dei hadde konsert i juni, fortel Gunhild Tveit. Ho og tre andre åttandeklassejenter spelar i band i musikkskulen i Nissedal.

– Me var det fyrste jentebandet i musikkskulen – og no er me det einaste, fortel jentene når VTB er innom øvinga deira ein tysdag ettermiddag.

I 2018 var Nissedal var Vest-Telemarkkommunen med best ungdomsdeltaking i kulturskule og musikkskule med heile 46 prosent. Berre Kviteseid var i nærleiken av dette talet, men her ser ein ein dramatisk nedgang i 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nissedal på topp: Før pandemien låg Nissedal på topp i Vest-Telemark når det gjaldt deltaking i musikkskule og kulturskule, med Kviteseid hakk i hel. Tala som er tilgjengeleg for 2021 viser ein tydeleg nedgang i Tokke og Kviteseid, medan Seljord og Vinje er relativt stabile. Nissedal og Fyresdal hadde ikkje med spørsmålet om kulturskule og musikkskule i sine Ungdata-rapportar frå 2021. Kjelde: Ungdata-undersøkingane i 2018 og 2021.

– Det har vore eit veldig bra bandmiljø i Nissedal, og det er ikkje lenge sidan me hadde mange ungdomsskuleelevar i band, seier bandlærar og kulturskulerektor, Rune Sanden. Han trur det er litt tilfeldig at det for tida er litt færre ungdommar i band.

– I år er 50 prosent av 8. klasse med i kulturskulen, og 7. klasse er veldig ivrige. Så om me kanskje ligg lågare no enn i 2018, trur eg me er attende på eit liknande nivå neste år.

Nissedal har utmerka seg når det gjeld kulturskule og musikkskule, men det har vore relativt låg deltaking i korps, kor og orkester. Her er det Fyresdal som skil seg ut i talmaterialet frå 2018; då oppgav heile 22 prosent av fyresdølar i ungdomsskulealder at dei hadde deltatt i korps, kor eller orkester.

Fyresdal i tet: Når det gjeld korps, kor og orkester, er det særleg Fyresdal som utmerkar seg i talmaterialet frå 2018, men verken Nissedal eller Fyresdal hadde med dette spørsmålet i undersøkinga frå 2021. Ein ser elles at Seljord har hatt ei fin utvikling, som truleg heng saman med det gode korpsmiljøet i både Seljord og Flatdal. Også Tokke har hatt ein solid auke, noko som kan ha samanheng med at korpset på Dalen har kome i gang att etter 2018.
Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Denne veka: Nissedal, Fyresdal og Edland

Viktig med ein scene

Dei fire bandjentene har ikkje noko namn enno, men tek på seg oppdrag likevel. I juni varma dei altså opp for Byting, og sundag 18. desember framfører dei ein ny jolesong på «Syng jola inn» i Treungen kyrkje, der også andre band frå musikkskulen skal opptre.

– Det er viktig å gje elevane ein scene å stå på, seier Sanden. Han spelar sjølv også, og trur at det gode musikkmiljøet i bygda er inspirerande for ungdommane.

– Ein av dei tidlegare elevane mine har no ein master i gitar. Han var med på scenen på Treungenfestivalen då han gjekk i 10. klasse, saman med meg og bandet mitt.

Jenteband utan namn: Lilja Sanden, Tone Haugsjå, Linnea Sanden og Gunhild Tveit spelar i band saman i kulturskulen i Nissedal. Dei er det einaste jentebandet for tida, og eit av dei få banda der ungdomsskuleelevar er med.

Skriv saman

I tillegg til ein scene å stå på, meiner Sanden det også er viktig å vere kreative og skapande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ofte lagar me songane saman. Alle kjem med tekstliner dei vil ha med, og og me bestemmer tema og type musikk saman. Men den jolelåta me øver på no fekk me litt dårleg tid på, så den skreiv eg ferdig, innrømmer han.

Målet for denne økta er å få øvd skikkeleg godt på jolelåta, «Ei følsom tid», og jentene riggar seg til med instrumenta sine inne på bandrommet. Lilja Sanden har mest å halde styr på, med eit fullt trommesett, medan tvillingsystera Linnea berre treng ein mikrofon, sidan stemma er hennar instrument. Gunhild Tveit har tangentane og Tone Haugsjå bassen.

– Både eg og Gunhild begynte eigentleg på gitar, fortel Tone.

– Så kom det ein song der me trong piano, og Gunhild tok seg av det. Litt etter prøvde eg bass. Og så vart det til at me begge heldt fram med dei nye instrumenta.

Bassist: Tone valte å bytte instrument frå gitar til bass.

Full musikk

Gunhild spelar dei fyrste vare tonane, og får snart selskap av stemma til Linnea.

Litt styr og håp og forventingar

og kranglar om hå ein treng og har

for nokon he nok meir enn dei treng

Artikkelen held fram under annonsen.

men hos andre er lommeboka litt meir streng ...

Etter nokre verseliner kjem bassen til Tone, trommene til Lilja og gitar og koring frå Rune.

Det vesle bandrommet er fylt til brestepunktet av song og musikk; det er så det dirrar i oss alle. Så tonar songen ut med dei same enkle pianotonane, og rommet vert stille.

Tangentar: Gunhild Tveit startar songen med nokre vare tonar, heilt åleine.

– Det er alt for kraftig lyd frå trommene, klagar Lilja. Ho byter ut ei av trommestikkene med ein visp, og så er dei i gang igjen.

– Bra forslag, Lilja, det vart fint, kommenterer Sanden etter at gjennomspeling nummer to er over.

– Men de må hugse at lyden vert mykje meir intens her inne. Det vert heilt annleis når me står på ein scene og sender lyden ut mot eit publikum.

Pass på øyro: Det var heftig lyd på øvingsrommet når dei fire jentene øvde, men det er ingenting mot det Rune Sanden har opplevd til tider. – Skulen bruker øvingsromma innimellom, og då hender det at alt står på «bånn pinne», fortel Sanden, som like godt tok teikneblyanten fatt for å gjere elevane merksame på problemet.

Aktive jenter

Band er slett ikkje det einaste dei fire jentene driv med, og tysdagane er mest hektisk.

– Då har me to ting å rekke, både band og fotball, forklarar Tone.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men nesten ingen kveldar er heilt fri, for på måndag er det styrketrening, onsdag, fredag og laurdag er det ungdomsklubb og torsdag er det fotball. På klubben kan bandmedlemmer bruke øvingsromma, som er rett utanfor klubblokalet, men det har ikkje dette jentebandet gjort.

– Men det er jo bra at me har moglegheita.

Jentene synest musikktilbodet dei får er bra, både øverommet, instrumenta og opplegget. Viss dei skulle ønskje seg noko, er det heller på ein annan arena:

– Me ønskjer oss betre treningstilhøve for fotball innandørs, seier alle fire i kor.

– Me har eit mykje dårlegare tilbod vinterstid. Det er så liten plass inne at me trenar ute sjølv om det er november og regn omtrent kvar kveld, forklarar Gunhild.

Tone er også med i ungdomsrådet, og er glad for at dette finst.

– Det er veldig bra at me har eit ungdomsråd, for der snakkar me om ting som er viktige for ungdom i bygda, slik som utstyr til aktivitetar på vatnet og treningstilbodet inne.

Sjølv om jentene er fornøgde med musikktilbodet, har læraren deira eit musikkskuleønskje:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skulle ønske meg at tilbodet vart utvida, slik at me ikkje hadde så lange ventelister!

– Ein veit aldri...

Men så var det det bandnamnet, då.

– Me snakka om det i starten, men no har me ikkje tenkt på det på ei stund, seier Lilja.

– Me må i alle fall velje noko ordentleg, seier Tone, og alle ler når dei kjem på kva eit anna band kalla seg.

– «Salte bananar i pyjamas», var det ikkje det dei heitte?

– Det er mange band som har angra på bandnamnet, så det er best å tenke seg om, åtvarar læraren deira med glimt i auget.

– For ein veit jo aldri når det tek av!

Ei følsom tid

Litt styr og håp og forventningar

og kranglar om hå ein treng og har

For nokon he nok meir enn dei treng

men hos andre er lommeboka litt meir streng

Ei følsom tid

men det er mykje meir enn gåver som gir verdi

som ei god jul

med tid for ro og fred igjen

tid til ein gamal, einsam venn

ei tid med dei som vil deg aller best, og som ser deg sånn du er

Ribbe, pinnekjøtt eller fisk?

Tradisjon, eller ta ein risk?

Kven skal få liv til å feire hos mor og far?

Eller hå om ting ikkje lenger er slik det var?

Ei følsom tid

men det er tida mi gir kvarandre som gir verdi

som ei god jul

med tid for ro og fred igjen

ei tid til ein gamal, einsam venn

ei tid med dei som vil deg aller best, og som ser deg sånn du er

Ei følsom tid

ei tid for å minnast, ei tid for å gle

som ei god jul

med tid for ro og fred igjen

tid til ein gamal, einsam venn

ei tid med dei som vil deg aller best, og som ser deg sånn du er

Tekst: Rune Sanden

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ungdommen i Fyresdal merkar fråfallet frå idretten
Les også
Dølten flyttar frå Fjellvang – mangedoblar ungdomstilbodet i Edland og Haukeli