Plateaktuell: Magnus Soltvedt Wiik omkransa av eigne instrument i heimen. Og han spelar på alle.

Multiinstrumentalisten som blei raulending

For to år sidan flytte musikar Magnus Soltvedt Wiik saman med familien til Rauland. Dette på grunn av at sambuar Laura Ellestad hadde fått jobb som nestleiar ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved det som no heiter campus Rauland, USN. Eg har møtt Magnus, og er det éin etikett som høver på han, er det multiinstrumentalist med spesiell interesse for bluegrass.

Dei leigde fyrst i eit eldre hus i Rauland, men for om lag eit halvt år sidan bestemte familien Wiik Ellestad seg for å kjøpe seg hus i Nedre Såtehov eit par steinkast frå Raulandsakademiet. Så har det kome eitt barn til, og no er familien på fire godt etablert med utsikt mot Totak og Raulandsfjell, og med passeleg gangavstand til arbeidsplassen. For også Magnus har fått foten litt innanfor USN-systemet, han underviser i bluegrass og har blitt dagleg leiar for Folkemusikkscena i Rauland.

Trønder med jazz og bluegrass

Dette intervjuet skal fyrst og fremst handle om den godt etablerte musikaren Magnus Soltvedt Wiik. Magnus har bakgrunn frå jazzlina ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Han er født og oppvaksen i byen og har levd av å vera frilansmusikar sidan 2010. I åra 2011 til 2014 fullførte han ein mastergrad ved Noregs musikkhøgskole i Oslo og det var der han trefte felespelar Laura Ellestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje så veldig romantisk, kanskje, ler Magnus.

Men like fullt fekk det fylgjer for han som var godt etablert med musikarvener i Oslo. Turen gjekk altså til Rauland med sambuaren Laura Ellestad. Mange vil kjenne henne som ein uvanleg dyktig hardingfelefelespelar, oppvaksen i Canada, men med slektsbakgrunn frå mellom anna Valdres.

Musikkrommet i huset i Såtehov talar for seg sjølv: Her er det strengeinstrument av alle slag: gitar, dobro, banjo, mandolin, pedal-steel-gitar, kontrabass og cello, pluss elpiano og synth. Når eg i tillegg får vita at han òg trakterer fele, orgel og irske fløyter pluss at han òg syng, kan me snakke om ein multiinstrumentalist av det sjeldne slaget.

– Men kva instrument starta du med? spør eg.

– Gitar, Lillebjørns gitarbok var viktig for meg. Så hamna eg over i rock og fann ut at raske løp på gitar var noko for meg. Ei av dei gruppene eg lytta ein del til var heavyrockgruppa Black Sabbath, seier Magnus.

Open String Departement

Likevel har folkemusikken snike seg inn på eit tidleg stadium hjå Magnus. Han oppdaga irsk folkemusikk og bluegrass. På jazzlina i Trondheim blei han kjent med to gutar som delte denne musikkinteressa.

– Det var Aksel Jensen og Espen Bjarnar. Me danna bandet Julie and the new favourites i 2007, der me fekk med oss ei jente på vokal. Dette bandet gav ut to plater, i 2013 og i 2015. I 2013 danna dei tre gutane bluegrasstrioen Open String Departement. Fyrste plata her kom i 2015. Denne trioen, som er Magnus sitt hjartebarn, eksisterer framleis og kom med ny plate no i januar. I kveld 7. februar spelar dei på Vinje bryggeri i Bøgrend, og dagen etter spelar dei på Nutheim. Slik marknadsfører dei seg: « … bandet står støtt i spagaten mellom jazz og bluegrass med improvisasjon og tradisjon …»

Open String Department: Espen Bjarnar, Magnus Wiik og Aksel Jensen.

– Det er inga opplagt kopling mellom jazz og bluegrass? Bluegrass blir kanskje oftare ’plassert’ i samband med countrymusikk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokon har sagt at ’bluegrass er countrymusikkens jazz’, det handlar om at bluegrass er meir open, du kan ”dra det lenger ut”, for å bruke eit musikaruttrykk.

– Og jazzen er vel, meir enn nokon anna sjanger, forbunde med improvisasjon?

– Absolutt, men brukar du dei fire vanlege bluegrass-instrumenta, banjo, mandolin, fele og kontrabass, høyrest det fort ut som bluegrass nesten same kva du spelar!

– Tradisjonell bluegrass blir, som irsk instrumental folkemusikk, ofte assosiert med dansemusikk, altså med eit strekt rytmisk preg?

– Ja, men moderne bluegrass har bevega seg meir i retning av lyttemusikk. Det er nok der Open String Departement høyrer mest heime.

På gruppas nye plate, Americanarchy, som blei sleppt like over nyttår, er det Magnus som trakterer ei mengd ulike instrument, medan dei to andre, Espen og Aksel spelar høvesvis gitar og bass. Alle tre syng. Plata har fått mange positive omtalar i inn og utland. «Skivan är en hyllning til samspelets fröjder och en orgie i spelglädje», skriv eit svensk tidsskrift. Ein norsk journalist skriv: «Magnus spiller banjo, dobro og mandolin som om han hadde gjort det siden Bill Monroe’s glansdager».

Cover: Coveret til plata.

Litt bluegrasshistorikk

Dette fører oss over i bluegrassmusikkens historie. For Magnus er ikkje berre musikar, han underviser òg i bluegrass i Rauland for studentar som tek årsstudium i blues på Notodden, eit 15 vekttals studieemne, altså eit samarbeid mellom to institusjonar innanfor USN.

– Mandolinspelaren Bill Monroe blir rekna som bluegrassmusikken «far», og eit klart førebilete for meg, seier Magnus og fortset:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var på mange måtar kompromisslaus, han slo i gjennom fyrst i lag med broren Charlie, men dei gjekk kvar sin veg etter kvart. Bill Monroe gjekk solo. Seint 30-tal og tidleg 1940-talet danna han bandet The Bluegrass Boys i lag med gitaristen Lester Flatt og banjospelaren Earl Scruggs pluss eit par til. I perioden 1945–48 blei dette det bandet det som aller mest definerte bluegrass-musikken. Bluegrass som eige sjangeromgrep kom slik etter kvart i bruk utover på 1950-talet.

Telemark

Magnus Soltvedt Wiik er i ferd med å bli telemarking, i alle fall ytrar han seg om at han har blitt glad i Telemark, og at han ynskjer å gjera seg meir kjent i dette for han «nye» kulturområdet. Og han har alt turnert med ein av dei mest framståande unge hardingfelespelarane her, Lars Ingar Meyer Fjeld. Han og sambuar Laura Ellestad har òg bak seg eit eige plateprosjekt der berre dei to spelar i lag.

– Kva med Countryfestivalen i Seljord? spør eg, vel vitande om der år om anna dukkar opp dyktige amerikanske bluegrassinspirerte band.

– Eg har alt sendt inn materiale, innrømmer han.

Og han håpar sjølvsagt at dei skal oppdage at der no finst ein ekte bluegrassmusikar nærast i nærmiljøet. Og ein uvanleg dyktig ein, kan eg vel trygt føye til. At han ynskjer å profilere seg som raulending eller telemarking, kan òg ein artig «trick-fotografert» YouTube-video frå Falkeriset vitne om. Han har òg prøvd seg som vikar-organist i Tokke ein periode, nok eit prov på kor allsidig denne karen er.

Med gitaren: Gitar var fyrste instrumentet Magnus Soltvedt Wiik lærte seg.

Komponist og nyskapar

Innanfor bluegrass er det ofte snakk om å gjera eigne versjonar av meir og mindre kjende standardlåtar. Og det hender ofte at også Magnus og dei ulike musikarane han spelar med, framfører slikt stoff, gjerne i samband med spel til dans og liknande. Men det som ligg hjarta hans nærast, er å lage eigen musikk og prøve ut nye måtar å bruke desse instrumenta på, tøye grensene for kva som er mogleg å få til. Eit band han ser opp til er amerikanske Punch Brothers, som driv i grenselandet mot jazz. Men han er òg nysgjerrig på korleis improvisasjon på hardingfele kan arte seg. Kanskje han ein vakker dag òg vil lære seg å spela dette instrumentet?

Platebransjen er ikkje som før. Magnus fortel at han har bak seg heile 10 plateproduksjonar der han spelar ei sentral rolle, altså mykje eigenkomponert musikk. To av desse er berre mogleg å «streame», altså berre tilgjengeleg digitalt, resten har kome ut på CD og/eller vinyl. Innspeling og mixing gjer han stort sett på eiga hand. Han låner no stundom studioet til Folkemusikkstudiet til noko, men mykje spelar han inn i sin eigen heim.

«Rad» og «Trad»

Denne våren har Magnus, i tillegg til nemnde plate med trioen, to soloprosjekt på gang, dei kjem samtidig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, ei heiter «Rad» og ei heiter «Trad», ein rein egotripp, innrømmer han.

Magnus spelar alle instrumenta sjølv, og den eine plata er mest eige materiale, medan den andre inneheld ein del coverlåtar.

Trivst i Rauland

Det er lenge sidan det berre var feletonar som klang rundt Totaks strender, mykje framand musikk har alt klinge mellom desse fjella. Og no har ein ny musikar fått fotfeste her oppi snøen. Han lengtar stundom til byen og det nettverket han hadde der, men han gjev samtidig uttrykk for at han og familien trivst bra. Mykje står og fell med miljøet rundt Folkekulturstudiet ved Raulandsakademiet sjølvsagt, men ski og snø er òg noko som både Magnus og sambuar Laura trivst godt med. Og med ungar er det enkel logistikk, stutt veg til barnehage og etter kvart skule om dei blir verande over lengre tid.

At ein slik ung familie vel å kjøpe seg hus og etablere seg i ein utkant, er ikkje kvardagskost og sjølvsagt gledeleg i ei tid der mange piler peikar i motsett retning.