Monica Borgen og Gjermund Gaastjønn har pussa opp det historiske huset på Nesmark på Åmdals Verk i ei årrekkje. Nå ser dei endeleg ein ende.

Monica og Gjermund skaper draumeheimen på Nesmark på Åmdals Verk

Bak vakre vegger, lune golv og imponerande listverk ligg tusenvis av arbeidstimar for å attskape eit bygg og eit solid stykke lokalhistorie. Ærverdige Nesmark vil snart bli ein heim for fire.

Medan me rullar oppover grusvegen til det ærverdige sveitserbygget Nesmark på Åmdals Verk, let ein seg raskt imponere av dei ruvande spira på taket, vinklane, dei høge glasa og det flotte bygget.

I tunet helsar byggets eigarar, Gjermund Gaastjønn og Monica Borgen oss velkommen. I arbeidsklede, denne laurdagen også, som så mange helger og fridagar før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit mål om å flytte inn i løpet av hausten, konkluderer dei to og innrømmer at det er kanskje eitt av spørsmåla dei har fått flest gonger når det har vore snakk om bustadprosjektet deira.

Historisk

Nesmark – det ruvande og flotte bygget – som opphavleg blei gjeve som ei bryllaupsgåve frå gruvedirektør kaptein John Daw til dottera. Bygget låg slik til at kapteinen kunne sjå til Nesmark frå eigedomen der han sjølv budde og etablerte ein flott park med både symjebasseng og tennisbane. Familien Daw kom frå Devonshire i England, og reiste frå Åmdals Verk på tampen av 1880-talet.

Nesmark ligg vakkert til på Åmdals Verk. Når heimen blir ferdig innomhus, ser Monica og Gjermund føre seg ein del arbeid ute med hage og området rundt.
I samarbeid med lokale handverkarar kom det perfekte kjøkkenet på plass. Med 3,5 meter takhøgd må ein tenke litt annleis.
I taket i stovene heng flotte rosettar i taket som truleg har vore i heimen sidan bygget vart reist på slutten av 1800-talet.
Oppussingsarbeidet har vore omfattande, og det er mykje som har blitt restaurert på Nesmark.

Bygget på Nesmark var nok temmeleg likt kapteinens eigen bustad som var plassert på platået ovanfor gruveparken. Kapteinsbygningen vart riven på 1970-talet, men Nesmark vart bevart, og fungerte i ei årrekkje som feriebustad.

– Tidleg på 2000-talet kom eigedomen for sal, eg viste interesse og fekk kjøpe han. Det gjekk nokre år før eg starta arbeidet på huset, men i 2010 opna eg taket. Det vart mykje jobb, der var lekkasjar som hadde gjort store skadar skulle det vise seg, seier Gaastjønn.

Ut frå merking av tømmeret i laftet har han datert huset til 1884.

– Det er ikkje så mykje som står att frå tida med gruvedrift på Åmdals Verk, så det fint å ta vare på denne bygningen, seier Gaastjønn.

Han vart tidleg fascinert av bygget.

– Det er eit spesielt hus, både i utforming og knytt opp mot historia. Eg tenker det er eit artig og unikt hus, sjølv om det har blitt veldig mange timar med arbeid, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunne bygd tre hus

Frå Gaastjønn, som driv som snikkar i det daglege, starta med sitt eige oppussingsprosjekt i 2010, har det blitt mange timar på Nesmark.

– I rolegare periodar på jobb har eg hatt høve til å setje av meir tid til å arbeide på Nesmark, for eg såg tidleg at prosjektet var for stort til å berre ta på fritida, meiner han.

Monica, som opphavleg kjem frå Fyresdal, kunne ikkje vore meir heldig med val av kjærast, og det som skulle bli heimen deira i framtida.

– Eg har sett på prosjektet som heilt eventyrleg, og lært mykje gjennom prosessen. Å setje i gang med å pusse opp eit bygg som dette krevs at begge kan gjere mykje sjølv, meiner ho og er takksam for at mange har bidrege med hjelp.

– Me starta vel dette prosjektet på eit lite passande tidspunkt sidan me vart foreldre til Anne i oppstartstida. Anne er nå 9 år, og Olav blir 6. Me har vore avhengige av hjelp frå familie på båe sider, ikkje minst til barnepass medan me har arbeidd på huset, seier Borgen.

Leigd noko hjelp

Sjølv om det meste er sjølvgjort, har dei også leigd hjelp til nokre delar av bygget.

– Me leigde mellom anna hjelp då me skulle leggje skifer på taket, men alt forarbeidet gjorde me sjølvsagt sjølve, seier Gaastjønn.

Me ruslar rundt huset, medan Gjermund og Monica peiker og fortel om arbeid med å rive, spa ut mengder med sagflis og grus, bli overraska over at det var meir øydelagt enn dei rekna med, rote i stokkar i tømra, ein heil utstikkar på huset som blei bytta, og mange, mange timar arbeid med glasa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle glasa i bygget er originale, dei er pussa heilt ned, fått nye glasruter og blitt kitta på nytt. Alt me har kunne restaurert har blitt tatt vare på, seier Gaastjønn.

Huset utanfrå er også identisk med unntak av eit nytt inngangsparti som er bygd på, men også her er alt gjennomført og tilbygget passar godt inn med det eksisterande eksteriøret.

3,5 meter til taket

Det sambuarane ikkje har laga sjølv er gjerne produsert av andre lokale handverkarar, som kjøkkenet.

– Her er eg glad for at prosessen med huset har tatt tid, slik fekk me litt meir tid til å bestemme oss endeleg. Det har blitt mange timar med interiørblad og på nettsider. Og Johhny Erikstad var til stor hjelp med å finne dei rette løysingane for kjøkkenet, seier Borgen.

Medan me har rusla inn entreen og latt oss imponere av kjøkkenet, seier Borgen at ho gler seg til inventaret til vaskerom og bad også kjem frå møbelsnikkaren. Her vil alt passe saman. På same måte som at fargane tar oss med frå rom til rom i harmoni.

– Fargeval er vanskeleg, men eg har fått god hjelp frå svigermor, ho har inspirert meg mykje og me har også fått god hjelp av Irene på Fargerike i Bø.

– Med ei takhøgd på 3,5 meter er det litt utfordrande å skape eit lunt og varmt miljø i romma. Den grøne fargen i stova hadde eg nok ikkje kome på sjølv, seier Monica medan me går inn i stova der ein også kan gå ut på verandaen. Men me stoppar, blir bergtekne av den flotte rosetten i taket med ei passande lampe under.

– Rosetten er heilt original, gamal og slite, prega av tidas tann. Men det gjer den ekstra flott. Me tok ned elementa medan taket vart måla, og monterte ho opp att. Eg leita etter den rette lampa lenge, og fann denne på Finn, seier Borgen nøgd og peiker mot taket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho vil prøve å bruke ein del gamalt i huset, men innrømmer at det blir noko nytt også.

– Kontrasten mellom nytt og gamalt blir ein god effekt. Me har pussa opp, men valt å halde det mest mogleg som det var. Der det var slette vegger, gjorde me også det slik no, seier ho.

– I golvet i spisestoga vart ein og ein planke plukka opp, pussa og lagt på plass att. Heile huset, som har ei grunnflate på 160 kvadratmeter, har fått vassboren varme, og isolasjon.

– Golv og dynnlistar er laga nye, men på nøyaktige mål etter gamle listar. Og det er jo kjekt at Gjermund kan så mykje, då eg kom med innspel til taklister på kjøkkenet, for å få dei så store som eg ynskte, sette han saman tre ulike listar og skapte det slik eg hadde lyst på, smiler Borgen.

Me går vidare frå stova til spisestova og vidare til ein trappegang, der også fin-inngangspartiet er.

– Her er det enno ein restaureringsjobb att, me skal få tak i glas som liknar den øvste ruta som truleg er gamal og original, den andre inngangen til huset, som me i dag har bygd på, var truleg berre kjøkkeninngang frå gamalt av, meiner Gaastjønn.

Varme i romma

Ei flott trapp inviterer oss med opp. Timar med pussing og skraping, målingslag, teppeflisar og lim er borte. Foten møter lunt treverk, og nye prosjekt kjem til syne.

– Det er her eg står å målar om dagan, seier Borgen. Inne på det som skal bli soverommet deira blir me merksame på den vakre utsikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her kan eg sjå rett på Roanfjella og Skreafjell, smiler Borgen.

Det stod truleg åtte flotte etasjeomnar totalt i huset, på kvart soverom i andrehøgda kjem omnane no på plass att.

– Ein omn skal også stå i spisestova nede, seier Borgen.

Ikkje alltid like moro

Gaastjønn trur at det er lagt ned 8000 snikkartimar i prosjektet, i tillegg kjem alt anna arbeid.

– Eg kunne kanskje bygd tre nye hus på denne tida, men det hadde ikkje blitt det same. Det har vore dagar der eg har tenkt; kvifor gjer me dette. Når me reiv taket og fann store roteskadar, så ille at tømra delvis smuldra opp, to ytterveggar måtte bli fornya, taksperrer bytta ut. Det har vore enormt mykje arbeid, seier Gaastjønn, men legg til at ein gløymer det med tida.

– Me kunne aldri plukka ut eit hus i ein katalog og fått det same. Det er moro å ta vare på noko som betyr noko for bygda, det forpliktar litt, meiner Borgen og Gaastjønn.

Tar vare på detaljane

Saman har dei arbeidd dag etter dag, ho med sine prosjekt og han med sitt. Det som ikkje har vore mogleg å ta vare på er laga nytt, identisk til det gamle. Monica seier ho er imponert over jobben sambuaren har gjort, Spikka detaljane slik at alt har passa perfekt.

– Det er Gjermund i eit nøtteskal. Han har eit unikt tolmod, og har heile vegen arbeidd seg frå rom til rom i huset, seier Borgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Paret fortel at dei har vore på leit etter gamle bilde frå huset for å finne ut korleis det såg ut opphavleg. Dei veit også lite om Kaptein Daw og familien hans.

– Det meste av inventaret frå huset er borte, så me har leita mykje etter gjenstandar knytt til huset eller til den tida då bygget vart reist.

– Gjennom heile oppussingsprosessen har me budd heime på garden der Gjermund vaks opp. Me flyttar ikkje inn på Nesmark før alt er på plass. Men til hausten håpar me alt er klart. Me veit kva me skal gjere denne sommarferien også, for å seie det slik, smiler det driftige og hendige paret.