Fekk pris: Torkjell Kristian Kostveit fekk årets jonsåkerpris delt ut av systrene Aslaug og Signe Kostveit.

Mellom 150 og 200 var innom på jordet ved skulestova

Jonsåkermarken i Kostveit var tilbake i helga.

Systrene Aslaug og Signe Kostveit ville lage litt meir liv og røre på Kostveit i Rauland. Derfor inviterte dei i 2017 til Jonskåkermarken. Det blei ein suksess som blei gjentatt i både 2018 og 2019.

Etter to år med koronapause var det i helga igjen klart for Jonsåkermarken i Kostveit. Lett overskya vêr stoppa ikkje folk i å kome. Totalt 150–200 personar var innom på jordet ved skulestova på Kostveit denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me som steller i stand er godt fornøgde i år òg, seier Aslaug Kostveit.

Tolv ulike salsbuer. Bruktmarknad, motorkøyretøy, smykke, handarbeid, fisk, drops, bakst og leikar for små og store. Folk kosa seg med rjomegraut, kaffi og kaker, møtte kjentfolk og handla. Alle hadde fått seld litt og var blide og fornøgde, oppsummerer Kostveit.

På marknaden blir også Jonsåkerprisen delt ut. I år gjekk prisen til Torkjell Kristian Kostveit. Fyrste året var det skiløparen Runar Skaug Mathisen som fekk prisen. Året etter gjekk prisen til Sivert Grosvold, som har drive med oppdrett av aure. I 2019 var det Hilda Vaa og Hans Martin Huse som fekk prisen for deira satsing på husdyr.

– Me vil gjerne gjera litt ekstra stas på den eller dei som peikar seg ut ved å prestere noko, satse eller få til noko som gagnar fleire i bygda, seier Kostveit, og legg til at det er mange gode kandidatar i grenda og grendene rundt.

Samlingsstad: Jonsåkermarken har blitt eit populært innslag i Kostveit.
Godt oppmøte: Nesten 200 personar møtte på den fjerde marknaden i grenda.