Med Landstad på veggen og jazztonar under preikestolen

Søndag 15. oktober var det jazzmesse i Seljord kyrkje. Kyrkja var fylt til siste plass.

Analog Jazzband leda inntoget i kyrkja med tonane frå «Down by the river side». Etter dei kom dåpsbarna med fylgje. Det var som om tonane frå Mahalia Jackson opna den gamle kyrkja, med biletet av Landstad på veggen over oss. Barn i bunad steig ut i midtgangen og tok imot musikken. Vi blei med på messa både som lokalfolk og som deltakarar i ei internasjonal fredsrørsle på ein gong. Alle forstod bøna denne søndagen om å stoppe krigføringa ute i verda. Tonane frå jazz og norske salmar var uttrykk for eit inderleg ynskje om «war no more, no more».

Tekstlesinga og musikk hang saman. Vi var med på tonane til både «Amazing grace» og Åge Samuelsens salme om «du som fyller alt i alle». Teksten frå preika var henta frå fortellinga frå Johannes 11, om at «Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus». I tråd med dette la presten vekt på å skape og leve i gode relasjonar. Sluttsalmen for kyrkjelyd og jazzband var gospelsongen «Oh, freedom», ein gospelsong med protest mot slaveri og undertrykking: «no more segregation over me».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ute skein haustsola over Landstad monumentet, over kyrkjevegg og gravplassar.

Øyvind T. Gulliksen