annonse

– Me må seie at nok er nok!

Snøskuter-kurs
Snøskuter-kurs: Kursansvarleg for førarkortkurs, Lars Torstein Momrak, fortel at promillekøyring på snøskuter har vore eit problem i alle år. Alle (Foto: Privat)
Yamaha
Yamaha: Lars Torstein Momrak på veterantreff for Snøskuter. Her på den fyrste Snøskuteren han hadde. (Foto: )
: (Foto: )

Lars Torstein Momrak har vore kursansvarleg for snøskuter på Dalen vidaregåande skule i 12 år. Han fortel at promillekøyring med snøskuter i likskap som med bil nok er eit problem i Vest-Telemark.

  • Magnus Helle

Det er mykje som har endra seg sidan Momrak fekk sin fyrste snøskuter i 1980, men samstundes ikkje.

– Det å køyre snøskuter med promille er ikkje eit nytt problem. Det var ikkje så tabubelagt den gongen, men det betyr likevel ikkje at det var greitt. Det er difor viktig at me vaksne òg står fram og seier at det faktisk ikkje er greitt, seier han.

Konsekvensane med å køyre snøskuter med promille er likevel større no ifylgje Momrak.

– Snøskuterane har blitt utruleg mykje sterkare. Køyrer ein uforsvarleg kan det få store konsekvensar, fortel han.

Forsvarleg køyring

I 2006 kom det reglar om at ein må ha førarkort for å køyre snøskuter. På Dalen vidaregåande byrja dei difor å halde kurs. Momrak, som er kursansvarleg, stiller tydelege krav til elevane sine.

– Ein del av kurset fokuserer på det med haldningar. Viss desse haldningane ikkje respekterast så får dei heller ikkje godkjent kurset. Bruk av alkohol og snøskuter er eit tema me jamleg diskuterer på kursa, seier Momrak.

Det med haldningar står tydeleg sterkt for fyresdølen.

– Det er ikkje oppnåeleg å få eit stort nok politi til å dekke dette problemet. Eg meiner svaret for å overvinne ruspåverka køyring ligg i haldningane til folk. Me må seie at nok er nok, seier Momrak.

Fleire løypenett

Ifylgje politiet er det store mørketal på ulukker med snøskuter. Momrak meiner eit betre og større løypenett kunne hjelpt noko på dette.

– Eg etterlyser fleire stadar ein kan køyre lovleg med snøskuter. Det hadde vore med på at brukarane kunne fått ein betre og tryggare arena å boltre seg på. Det ville vore enklare for politiet å ta dei som køyrer uforsvarleg òg, dersom løypenettet hadde blitt brukt av alle. Eg fryktar likevel me har ein lang veg å gå på akkurat dette, seier Momrak.

Teikn til betring

Kursleiaren er trass i problema ikkje berre negativ. Han ser ein endring blant ungdomen som får førarkort no.

– Dei yngre er betre ambassadørar for rettmessig køyring no, enn slik det var for berre nokre år sidan. Ungdomane er òg flinkare til å bruke pålagt utstyr, og ut frå det eg høyrer er det berre eit fåtal som køyrer utanfor løypenetta, seier Momrak.

Han fortel at det er viktig å halde problematikken med ruspåverka køyring varmt, og følgje opp ungdomen.

– Eg får ikkje sett det heile biletet på kursa me har. Deltakarane vil som regel oppføre seg fint gjennom kurset, men det er når dei kjem for seg sjølv at problema oppstår. Difor er det viktig at dei fylgjast tett opp når dei er ferdige med kurset og får førarkortet i handa. Det er jo diverre slik at mange får lyst til å teste dei tinga ein ikkje fekk gjort på kurset, seier Momrak.

Fyresdølen vel å sjå lyst på framtida.

– Det at det er så mykje fokus på dette no, og at lokalsamfunn rundt ikring tek ordentleg tak i dette gjer at eg har tru på at det kjem til å bli betre i framtida, seier han, med eit vonfullt smil om munnen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.